SeniorSmart-programmet vårt
Noreg er blitt eit stadig meir digitalt samfunn, og for mange kan det vere utfordrande å halde følgje med alt som skjer på nett. Samstundes er det mykje å hente på å vere trygg i digitale tenester – både når det gjeld bank, helse, kommunikasjon og offentlege løysingar.
Ulstein kommune ønskjer at alle seniorar skal ha ein trygg, aktiv og god kvardag, og inviterer difor på nytt til SeniorSmart slik at du kan lære nye måtar å leve betre på.
SeniorSmart har to spennande tilbod du kan delta på
- SeniorSurf – meistring i den digitale kvardagen
Her får du opplæring i alt frå grunnleggande datakunnskap til litt meir avanserte ferdigheiter. Dette er kurset for deg som vil bli trygg i bruken av PC, nettbrett og mobil - og tryggare i møte med dei digitale løysingane vi møter kvar dag. Vi tek ting i roleg tempo og tilpassar innhaldet etter gruppa sine behov.
Det blir både litt teori og praktiske øvingar, så ta med eigen berbar PC, nettbrett eller smarttelefon. Vi har litt utstyr til utlån ved behov.
- SeniorTimen – kunnskap som gjer kvardagen enklare
SeniorTimen tek for seg tema som er viktige for både helse, trivsel og tryggleik. Her får du nyttig og oppdatert informasjon for å planlegge ei god framtid.
Dei fleste eldre i Noreg lever aktive og sjølvstendige liv, men når behovet for hjelp aukar, er det viktig å kjenne til dei moglegheitene som finst. Gjennom SeniorTimen får du informasjon og verktøy for å leve eit sunt og aktivt liv i Ulstein.
Haustprogrammet 2026
Vi har mykje spennande på programmet denne hausten, og vi gler oss stort til ein ny og innhaldsrik haust saman med Ulstein sine seniorar.
Her er heile haustprogrammet med oversikt over tider, tema og stad
SeniorSurf – lær deg å meistre den digitale kvardagen
Her får du opplæring i alt frå grunnleggande datakunnskap til litt meir avanserte ferdigheiter. Kurset passar både for nybegynnarar og deg med litt erfaring. Undervisninga er lett og praktisk, med kjekke oppgåver om nyttige tema. Ta med eigen berbar PC, nettbrett eller smarttelefon. Om du ikkje har BankID app, bør du ta med deg kodebrikka di.
Vi har litt utstyr til utlån ved behov.
SeniorTimen – nyttig informasjon for ein god kvardag
SeniorTimen gir deg kunnskap om viktige tema som aktivitet og fellesskap, velferdsteknologi, omsorgsbustadar, helse, mat og andre aktuelle tema. Dei fleste eldre i Noreg lever aktive og sjølvstendige liv, men når behovet for hjelp aukar, er det viktig å kjenne til dei moglegheitene som finst. Tilboda varierer frå kommune til kommune, og gjennom SeniorTimen får du informasjon og verktøy for å leve eit sunt og aktivt liv i Ulstein
Tid og stad
SeniorTimen og SeniorSurf har samlingane sine på Ulstein bibliotek, torsdagar klokka 12.00–14.00.
Vil du vere frivillig?
Har du lyst å bidra til ein god samtale og trygg stemning?
Kanskje vere med å motivere og støtte, og dele informasjon om sosiale aktivitetar, tilbod og møteplassar for eldre i kommunen?
Ulstein kommune ønskjer å høyre frå deg som kan tenke deg å vere frivillig i SeniorSmart.
Både dei som kan halde kurs, vere med på opplæring i heimen, eller vere ein støttespelar under kursa i biblioteket.
Du treng ikkje vere ekspert på noko som helst; ditt bidrag vil utgjere ein forskjell - uansett.
Ta kontakt med oss!
eli-marte.fjortoft@ulstein.kommune.no
eli.marte.dalhaug@ulstein.kommune.no
Her er informasjonsfolder (til utskrift) (PDF, 4 MB)
Pris og påmelding?
Alle samlingane er gratis, og du treng ikkje melde deg på – det er berre å møte opp.
Tid og stad
Alle samlingane vert på Ulstein bibliotek torsdagar frå kl. 12.00-14.00. Oppstart 3. september 2026.
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko. Kontaktinformasjon finn du nedst på denne sida.
Vi set pris på om du informerer og inviterer seinorar som kan ha nytte av programmet vårt.
Velkomen til SeniorSmart!
KI-generert bilde