Er du uroa for eit barn eller ein ungdom?
I Ulstein kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra.
Vi vil gjere vårt beste for å fange opp og hjelpe barn og unge som treng det. Difor arbeider vi med Betre tverrfagleg innsats i Ulstein.
Denne nettstaden skal hjelpe alle i kommunen, tilsette og privatpersonar, til å vite kva vi skal gjere om vi er uroa for nokon.