Alarmtlefonen for barn og unge
|
Opplever du vald i heimen, er utsett for overgrep, er redd for tvangsgifte eller opplever andre akutte og vanskelege situasjonar? Da kan du ta kontakt med alarmtelefonen for barn og unge. Du kan også ringe dersom du trur nokon andre barn har det vanskeleg.
|
Telefon, SMS og e-post
|
116 111
|
Barn av rusmisbrukere
|
Har du ei mor, ein far eller andre nær deg som har eit rusproblem? Da kan du nytte deg av chattetilbodet BaRsnakk. Her kan du chatte heilt anonymt om det du har på hjertet. Ingen tema eller spørsmål er feil og du deler kun det du har lyst til.
|
Chat
|
|
Kirkens SOS
|
Kirkens SOS er ein døgnopen kriseteneste på telefon og internett. Her er det alltid nokon som tek i mot samtalar, kvar einaste dag, både dag og natt, også i ferier og høgtider. Du kan også sende melding og chatte.
|
Telefon, SMS og chat
|
22 40 00 40
|
Kors på halsen
|
Kors på halsen er Røde Kors` samtaletilbod til alle opp til 18 år. Du kan ringe, maile eller chatte og ta opp det som er viktig for deg. Hos Kors på halsen får du snakke med ein vaksen du kan stole på, og som ikkje kan sjå kven du er. Du kan fortelje alt, både dei gode tinga og det du syntes er vondt og vanskeleg.
|
Telefon, chat, mail og diskuter med andre
|
800 333 21
|
Menta helses hjelpetelefon
|
Mental helses hjelpetelefon er eit felles europeisk hjelpetelefonnummer. Det vil sei at du kan ringe 116 123 i det området du befinner deg og få kontakt med hjelpetelefonen i det landet du oppheld deg, så lenge du er innanfor EU/EØS land. Dette er ei teneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan være anonym og dei har teieplikt.
|
Telefon
|
116 123
|
RUStelefonen
|
RUStelefonen er ein landsdekkande informasjonsteneste om rusmiddelproblematikk. Du kan ta kontakt anonymt via telefon, chat eller spørrskjema. RUStelefonens rettleiarar gir informasjon om rusmiddel, rusbruk og rett hjelpetiltak i din landsdel. Du kan ta kontakt enten du er brukar, pårørande eller berre har spørsmål om rus.
|
Telefon, chat og innsending av spørsmål
|
08588
|
Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap
|
Ein hjelpetelefon som gir informasjon og rettleiing knytt til tema som tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og æresrelatert vald.
|
Telefon
|
815 55 201
|
Ung.no
|
Ung.no er ein offentleg informasjonskanal for ungdom. Dei gir informasjon om dine rettigheiter, moglegheiter og plikter. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 20 år.
|
Nettstad. Kan også sende inn spørsmål
|
|
Ungdomstelefonen
|
Ungdomstelefonen er eit tilbod til unge som treng nokon å snakke med om seksualitet, kjønn, identitet, kjensler, forelsking, aktivitetstilbod eller sikrare sex. Dette er Skeiv Ungdom sin telefon-, chat- og meldingsteneste og vert bemanna av unge vaksne mellom 18 og 30 år
|
Telefon, SMS og chat
|
400 00 777
|
Vald og overgrepslinja (VO-linja)
|
Valds- og overgrepslinja er ei hjelpelinje for deg som opplev vald eller overgrep i nære relasjonar. Du kan få hjelp, råd og svar på spørsmål, men du kan også ta kontakt dersom du berre har behov for at nokon lyttar til deg. Du kan også få hjelp til å finne fram til andre hjelpetilbod i nærleiken der du bur.
|
Telefon
|
116 006
|