Gards- og bruksarkiv

Gards- og bruksarkiv

Saksbehandling skjer i Acos Eiendom; ein modul utvikla for byggesaksbehandling i Acos WebSak. ACOS Eiendom nyttar systemverktyet Arbeidsflyt for å rettleie saksbehandlar og effektivisere behandlingsprosessar

Byggesøknadar kjem inn både digitalt og på papir. eByggesøknad vart teke i bruk i 2020 og er programmert inn i digital postmottak Acos Mottak, for effektiv og fulldigital søknadsprosess.

Byggesaksarkivet er delt inn i ulike sakstypar: Byggesak, Delingssak, Oppmålingssak og Seksjoneringssak.

I tillegg har vi eigne saker for Tomtesal. Saksoppsett for desse står lenger nede.

Byggesaksarkivet er fullelektronisk og historisk byggesaksarkiv blir fulldigitalisert med oppstart i 2022.

 

Byggesaker - Ei saksmappe pr tiltak:

Tittel - tiltak - adresse - gnr xx bnr yy. Tittel linje 2 - tiltakshavars namn
Arkivdel – GBNR – Gards- og bruksnummerarkiv
Sakstype - BS, DS, OS, SEK
Klassering - GBNR 
Tilgangskode – ingen

Tomtesal

Tittel – Tomt nr. XX, <område>- gnr xx bnr yy
Arkivdel – SAK- Saksarkiv
Sakstype - TS
Klassering – SSA 53
Tilgangskode – ingen

Innhald i arkivdelen
  • Søknad om <tiltaket det gjeld>
  • Vedtak om <tiltaket det gjeld>
  • Søknad om frådeling
  • Søknad om deling av grunneigedom
  • Søknad om rammeløyve
  • Søknad om dispensasjon frå …
  • Fakturagrunnlag
  • Dokumentsjekk
  • Klarlegging av grenser
  • Varsel oppmålingsforretning
  • Referat frå førehandskonferanse
  • Søknad om tildeling av tomt
  • Ulovlegheitsoppfølging
  • Merknad til nabovarsel
Tilgang til arkivdelen

Det er stort sett offentlege dokument i denne arkivdelen. Arkivdelen ligg ute i fulltekst på postlistene.

Saksbehandlarar ved plan- og bygningsavdelinga har tilgang til dette arkivet. Utover dette vert det gitt ved behov, til dømes til landbruk og jurist.

Personopplysningar og bruk av dei

Klassifikasjon:

Stort sett offentleg, enkeltdokument må unnatakas offentleg innsyn

Lovhjemmel:

UO - Off. lova §13 jf. forv.lova §13

Tilgjengelegheit:

Tilgjengeleg for dei som treng det. Det som er unnateke off. innsyn er berre tilgjengeleg for aktuell saksbehandlar.

Integritet:

Byggesaka, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere muleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.

Konfidensialitet:

Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teieplikt skjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.

Behandling

Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.