Koordinatormappe

Koordinatormappe

Praksisen med koordinatormapper i Acos Websak vart avslutta og flytta over i Gerica når Gerica vart fullelektronisk 01.01.2021.

Saksbehandling skjer i fagsystema Gerica og Visma flyt Sampro.
Alle brukarar som får tildelt koordinerte tenester i kommunen blir registrert med ei koordinatormappe i Acos WebSak. Desse vart tidlegare ført som Ansvarsgrupper.
Møtereferat og notat frå SamPro må hentast ut og importerast i Koordinatormappe manuelt.
Pasientarkivet er fullelektronisk.

Saksmappe per pasient

Tittel - Koordinatormappe Tittel linje 2 - Fornamn Etternamn.
Arkivdel - PASIENT
Sakstype - PAS
Klassering - Fødselsnummer
Tilgangskode - PA-3

Innhald i arkivdel

Døme på innhald:

  • Melding til koordinerande eining
  • Utnemning av koordinator
  • Møtereferat
  • Avsluttande notat frå koordinator
Personopplysningar i arkivdel og behandlig av dei

Klassifikasjon:

Sensitiv

Lovheimel:

Off.lova §13 jf forv.lova §13

Tilgjengelegheit:

Dei som har behov for informasjon om klienten for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til koordinatormappa

Integritet:

Koordinatormappa, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogeleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom, og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.

Konfidensialitet:

Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teiepliktskjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks.

Behandling

Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.