PMTO

PMTO

Fram til 31.12.2021 saksbehandla PMTO i Acos WebSak. Frå 01.01.2022 vart saksbehandlinga flytta over til HsPro.


Interkommunalt PMTO-tilbod er lokalisert i Ulstein kommune og er eit lavterskeltilbod til familiar med born som har åtferdsvanskar. Tilbodet og kontaktinformasjon til tenesta ligg ute på https://www.pmto.no/
PMTO-arkivet har eigen skjerma arkivdel og er fullelektronisk.

Klientmappe per born 

Tittel – Klientmappe PMTO. Tittel linje 2 - Fornamn Etternamn.
Arkivdel - PMTO
Sakstype - PAS
Klassering - Fødselsnummer
Tilgangskode - PMTO-3

Innhald i arkivdel
  • Tilvising PMTO
  • Svarbrev etter tilvising
  • Kartleggingsskjema
  • Informasjon frå barnevern
  • Avslutningsrapport
Tilgang til arkivdel

Kommunedirektør, kommunalsjef helse/omsorg og arkivpersonell. Saksbehandlarar i tenesta har tilgang til eigne klientmapper og mapper dei blir gitt tilgang til.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei

Klassifikasjon:

Sensitiv

Lovheimel:

Off.lova §13 jf forv.lova §13

Tilgjengelegheit:

Dei som har behov for informasjon om brukaren for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til klientmappa

Integritet:

Klientmappa, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogeleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom, og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.

Konfidensialitet:

Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teiepliktskjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks.

Behandling

Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.