Bortsettingsarkiv på rådhuset

Bortsettingsarkiv på rådhuset

På rådhuset er det seks kvelv totalt. I tillegg til avdelingane sjølve er det arkivleiar som har oversikt over innhald og har ansvar for nøklar. 

Det eldste arkivmaterialet er sendt til depot hos IKA Møre og Romsdal i Ålesund. 

Det pågår ein prosess med å sende meir materiell til IKA utover 2022.

I første etasje har er det eit kvelv på servicetorget. Der har vi arkiv frå sentraladministrasjonen og klientmapper for helse- og omsorg. I tillegg er der noko privatarkiv som skal til IKA. I det andre kvelvet i første etasje låner vi vekk hyllemeter for NAV Ulstein. Her er også valmateriell, urner og diverse protokollar.

I andre etasje har teknisk sektor eit kvelv med gards- og bruksmapper. Oppvekstkontoret har eit kvelv med barn, elev, pedagogikk og skule. I det tredje kvelvet står det i hovudsak  delegasjonsprotokollar.

I tredje etasje har økonomiavdelinga eit kvelv med sine billag og dokumentasjon. 

I fjerde etasje på loftet har sektorane noko fjernarkivering.

Oversikt over papirarkiv på rådhuset (PDF, 257 kB)