Andre

Andre

Arkivrutine for:

  • Oppdragsmapper for støttekontaktar og fritidskontaktar
  • Tilsettingsmappe for avlastarar
  • Oppdragsmappe for avtale om omsorgsstønad
  • Mappe for avtale om arbeidstrening
  • Oppdragsmappe for fastlege
  • Oppdragsmappe for fysioterapeut
  • Oppdragsmappe for veterinær
  • Tenestebevis for tilsette som har avslutta arbeidsforholdet før 01.06.19

Innleiande informasjon:

Dette gjeld personar som har (eller har hatt) ein personleg avtale med Ulstein kommune, men som anten ikkje er tilsett eller som ikkje er tilsett på heilt vanlege vilkår. Vi brukar derfor ikkje personalmappe i denne type saker.

Personar som har slutta i kommunen før vi starta med Acos, har vi ikkje personalmappe til i Acos. Det er ikkje føremålstenleg å opprette komplett personalmappe når desse ber om tenesteattest. Vi har derfor valt å bruke generell sak også i slike tilfelle.

 

Litt om dei ulike ordningane:

Støttekontakt og avlastar
Ulstein kommune ved helse- og omsorgsetaten sone 1 har tenester som gjeld støttekontaktar og avlastar. Dei som skal vere støttekontakt eller avlastar i Ulstein kommune inngår høvesvis oppdragsavtale eller arbeidsavtale for dette. Soneleiar (Heidi Strand) har ansvaret for avtalane og sakshandsamar ved avdelinga (Lindis Sundgot) har ansvar for det praktiske arbeidet og organiseringa av dette.

Omsorgsstønad
Helse- og omsorgsetaten sone 1 har også ansvar for ordninga med omsorgsstønad. Soneleiar (Heidi Strand) har ansvaret.

Arbeidstrening
Avtale om arbeidstrening gjeld personar som gjennom tiltaksordingar har avtale om arbeidstrening i Ulstein kommune. Alle leiararane i kommunen kan inngå slik avtale.

 

Opprette oppdragsmappe i Websak

Ved oppretting av sak, vel ei generell sak.

Tittel på saka skal vere:

Oppdragsmappe - støttekontakt og fritidskontakt

Tilsettingsmappe - avlastar

Oppdragsmappe - omsorgsstønad

Avtale om arbeidstrening

Oppdragsmappe – fysioterapeut

Oppdragsmappe – fastlege 

Oppdragsmappe – veterinær 

Tenestebevis

 

Tittel 2 skal vere namnet til oppdragstakaren, avlastaren, den som har omsorgsstønad, vedkomande i arbeidstrening, eller den som ber om tenestebevis. Tittel 2 skal vere skjerma.

Klassering skal vere fødselsnummeret til oppdragstakar, avlastar, den som har omsorgsstønad, vedkomande i arbeidstrening eller den som ber om tenebevis.

Skjerming - saka skal skjermast med UO – 3, Offentleglova § 13.1, ledd 1.

Sakshandsamar:

Sakshandsamar for oppdragsmapper for støttekontakt/fritidskontakt er Lindis Sundgot.

Sakshandsamar for avlastar og omsorgsløn er soneleiar for sone 1, Heidi Strand.

Sakshandsamar ved arbeidstrening er leiar på arbeidsplassen.

Sakshandsamar for oppdragsmapper fastlege, fysioterapeut og veterinær er………

Sakshandsamar for tenestebevis er personalmedarbeidar.

Innhald og skrivereglar

Utgåande dokument - Sakshandsamar opprettar avtaler og leiar godkjenner før ekspedering. Brukaren av tenesta sitt namn må ikkje stå på avtalen. Referanse på oppdrags- eller abeidsavtalen skal kun vere saksnummeret på vedtaket om innvilga teneste. (Dette av omsyn til brukaren og kommunen sitt krav til GDPR).

Teiepliktskjema støttekontakt/fritidskontakt som eige dokument? (har sett eitt tilfelle der teieplikt stod på baksida av avtalen)

Dokument

Dokument-type

Sakshand-samar

Kopimottakar

Tilbod om oppdragsavtale som støttekontakt

U

 

 

Tidsavgrensa oppdragsavtale - støttekontakt og fritidskontakt

I

LS

HS, JRS, IRISE

Tilbod om arbeidsavtale som avlastar

U

 

 

Signert arbeidsavtale som avlastar

I

HS

LS, JRS, IRISE

Tidsavgrensa oppdragsavtale - omsorgsstønad

U

HS

JRS, IRISE

Tidsavgrensa oppdragsavtale - omsorgsstønad

I

HS

JRS, IRISE

Signert avtale om arbeidstrening

I

Leiar

 

Tenestebevis

U

Personal- avdelinga