Disiplinær

Disiplinær

Disiplinærsaker førast som eiga sak i arkivdel DISI med tilgangskode PB (Personal begrensa). Ein nyttar ad-hoc tilgangsgrupper for kvar sak.

Definisjonen på ei disiplinærsak vil vere:
Tjuveri, underslag, AKAN-saker, illojalitet mot arbeidsplassen og mobbing/trakassering av medarbeidar/tilsett. Disiplinærsaker kan føre til varsling, suspensjon eller oppseiing.

Innhald i arkivdel
  • AKAN-saker
  • Åtvaring
  • Varsling
  • Bekymringsmelding
  • Referat frå møte/samtale
  • Melding til politi
  • Førehandsvarsling
  • Drøftingsmøte
  • Avskjed/suspensjon
  • Oppseiing
  • Korrespondanse med rettsinstans/advokat
  • Korrespondanse med arbeidstakarorganisasjonane
  • Innkjøpsprotokoll og oppdragsbekrefting (Advokat etc.)
Tilgang til arkivdel

Personalleiar og arkivleiar. Alle med leiarroller i sak/arkivsystemet er autoriserte for tilgangskoden. Tilgang blir vurdert for kvar enkelt sak.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei

Klassifikasjon:

Sensitiv

Lovheimel:

Off.lova §13 jf forv.lova §13

Tilgjengelegheit:

Dei som har behov for informasjon om saka for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til disiplinærsaka. Tilgang vil vere svært avgrensa for kvar sak.

Integritet:

Disiplinærsaka, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogeleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom, og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.

Konfidensialitet:

Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teiepliktskjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks.

Behandling

Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.

Skrivereglar for disiplinærmappe

Disiplinærsak skal ligge i arkivdelen DISI, med tilgangskode PB

Definisjonen på ei slik sak vil vere:
Tjuveri, underslag, AKAN-saker, illojalitet mot arbeidsplassen og mobbing/trakassering av medarbeidar/tilsett. Disiplinærsaker kan føre til varsling, suspensjon eller oppseiing.

Døme på innhald:

  • AKAN-saker
  • Åtvaring
  • Varsling
  • Bekymringsmelding
  • Referat frå møte/samtale
  • Melding til politi
  • Førehandsvarsling
  • Drøftingsmøte
  • Avskjed/suspensjon
  • Oppseiing
  • Korrespondanse med rettsinstans/advokat
  • Korrespondanse med arbeidstakarorganisasjonane
  • Innkjøpsprotokoll og oppdragsbekrefting (Advokat etc.)

Tittel

Dokumenttype

Åtvaring

U

Varsling

U

Bekymringsmelding

I

Referat frå møte/samtale

U eller I

Melding til politi

U

Førehandsvarsling

U

Drøftingsmøte

X

Avskjed/suspensjon

U

Oppseiing

U

Korrespondanse med rettsinstand/advokat

U / I

Korrespondanse med arbeidstakarorganisasjonane

U / I

Innkjøpsprotokoll og oppdragsbekrefting (advokat etc.)

I