PPT-tenesta

PPT-tenesta

Saksbehandling, samhandling og administrasjon skjer i fagsystemet Visma Flyt PPT med innebygd SvarUT og SvarInn-teneste og godkjend NOARK arkivkjerne. Digitalt søknadsskjema om bistand for enkeltindivid og skular er oppretta i Acos Interact og ligg ute på kommunen sine nettsider.
Eige digitalt samtykkeskjema ligg også ute og skal leggast ved søknaden. Skjema blir avlevert direkte til fagsystemet. Digital inngåande post til tenesta adressert Ulstein kommune blir ført i skjerma samlesak i WebSak og vidaresendt av arkivtilsette til PPT via SvarUT. Dette gjeld også for inngåande post i papir.
Meldingar via eDialog går direkte til fagsystemet.

Saksmappe per bestilling av teneste

Ny sak blir oppretta ved bestilling av teneste.
Ein brukar kan ha fleire saksmapper i fagsystemet.

Innhald i arkivdel

Døme på innhald

  • Søknad om bistand på individnivå
  • Søknad om bistand frå skule på kompetanseheving og organisasjonsutvikling
  • Innkalling og referat frå samarbeidsmøter
  • Flyttemelding
  • Individuell opplæringsplan
  • Sakkunnig vurdering
  • Årsrapport
  • Pedagogisk rapport
  • Samtykke til samhandling
  • Sakkunnig rapportar/uttalar
  • Epikriser frå helsevesenet
  • Kartlegging
Tilgang til arkivdel

Systemansvarleg/administrativ konsulent og einingsleiar har full tilgang til fagsystemet. Arkivpersonell har tilgang til arkivkjerne i Visma Samhandling Arkiv. Saksbehandlarar har tilgang til sine saksmapper og mapper dei blir gitt tilgang til ved tenestleg behov.

Personopplysningar i arkivdel og behandlinga av dei

Klassifikasjon:

Sensitiv

Lovheimel:

Off.lova §13 jf forv.lova §13

Tilgjengelegheit:

Dei som har behov for informasjon om eleven for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til klientmappa

Integritet:

Klientmappa, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogeleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom, og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.

Konfidensialitet:

Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teiepliktskjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks.

Behandling

Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.