Bli med på Luciatog i trivselsgata

Bli med på Luciatog i trivselsgata

Trivselsgata er kanskje ikkje så kjend for alle. Dette er ein gågatetrasè gjennom Ulsteinvik sentrum som det er på tide at vi alle oppdagar og blir kjend med.

Prosjekt Trivselsgate

Ulstein kommune og Ulstein Næringsforum har fått heile 800 000 kroner i støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune som skal brukast til å markere, forskjønne og trygge denne gata - det vert eit prosjekt som kjem til å løfte heile Ulsteinvik sentrum! 

 

Luciatoget 

Luciatoget fredag 13. desember vert altså like mykje ei markering av starten på dette prosjektet som ei feiring av fellesskap, lys og håp! Store og små, unge og gamle, og du som er midt i livet - vi vil ha med alle! 

Luciatoget i trivselsgata startar ved rådhuset, og så går vi vidare til Blåhuspassasjen, Kulturalmenningen, bak legekontoret og mot Amfi. Vi avsluttar på uteområdet ved Skollebakken Aktivitetshus.

Vi delar ut faklar, lussekattar og gløgg.

Ta på varme klede, kvitt og glitter, og ver klar for song og god stemning. 

 

Program

  • oppmøte ved rådhuset kl. 17:30
  • eit lite stopp med song ved sentrumspassasjen ved Blåhuset
  • avslutning med song, musikk, gløgg og lussekattar ved Skollebakken Aktivitetshus

 

 

Her er kartet for trivselsgata og luciatoget

skjermdump