- Då legg kommunedirektør Jarl Martin Møller fram sitt forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan for 2025–2028.
Presentasjonen er open for alle interesserte, og det vert høve til å gi kommentarar og stille spørsmål.
Møtet vert strøyma via Facebooksida til Vikebladet.
Presentasjonen markerer starten på den politiske budsjettbehandlinga.
Budsjett- og økonomiplan 2025-2028.
Budsjettbehandling i folkevalde organ
Lurer du på korleis du kan påverke? I første omgang kan det vere lurt å ta kontakt med dei folkevalde. Elles finn du råd om korleis påverke HER.
Her ser du når dei folkevalde organa behandlar budsjettframlegget.
Klikk på namna for å få fram kontaktinformasjonen til dei folkevalde.
formannskapet: 19. november og 26. november
fellesrådet: 12. november
levekårsutvalet: 13. november
teknisk utval: 14. november
kommunestyret: 12. desember
Høyring før vedtak i kommunestyremøtet
Formannskapet vil kome med si tilråding 26. november om kva dei meiner kommunestyret bør vedta i saka om budsjett og økonomiplan. Tilrådinga ligg ute til offentleg høyring før budsjettet vert endeleg vedteke av kommunestyret.
Du kan sende ein høyringsuttale til og med 11. desember 2021.
Bruk adressa postmottak@ulstein.kommune.no. eller postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Merk e-post med “Innspel til økonomiplan”. Uttalen må vere levert til kommunen seinast 11.12.2021 kl. 15.00.
Endeleg budsjettvedtaket vert gjort i kommunestyret 12. desember.