Prosjektleiar for TØRN, Hanne Marte Sukka, kommunalsjef helse og omsorg Kristin Vik og kommunedirektør Jarl Martin Møller gler seg over at prosjektet no er i gang, og ser fram til å få resultatet.
Janne-Marit Myklebust
Prosjektet har namnet TØRN- og både oppgåvefordeling og arbeids- og organisasjonsformer i helse- og omsorgstenesta skal under lupa.
Viktigast av alt: det er dei tilsette sjølve som skal drive prosjektet framover.
– De er ekstremt viktige i det arbeidet de gjer, fordi det de gjer betyr så mykje for så mange, helsa kommunedirektør Jarl Martin Møller då TØRN-prosjektet hadde kick-off i Holsekerdalen, 22. januar.
– Vi skal bygge vidare på alt det gode som er gjort gjennom mange tiår i Ulstein kommune. Vi er rollemodell for svært mange i Noreg, og mange ser til oss for å lære om korleis vi driv desse tenestene. No skal vi foredle alt det gode som er gjort, og finne dei nye grepa i den utfordringa vi står framfor. Og kven er vel best å spørje, enn denne blomsterenga her? sa Møller, og viste til dei mange i rommet som skal jobbe med prosjektet.
Ei blomstereng av tilsette i Holsekerdalen, namnsett av kommunedirektør Jarl Martin Møller.
Janne-Marit Myklebust
Utfordringa er klar: vi vert fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder. Kommunalsjef helse og omsorg, Kristin Vik seier at det er viktig å vere i forkant av utviklinga.
– Vi må finne dei gode løysingane. Ulstein driv allereie svært effektiv innan helse og omsorg. Kva er då potensialet vårt? Vårt potensial ligg i dykk og i dei gode tenestene de leverer, i effektiviteten, samhandlinga og løysingsviljen de viser.
I staden for å velje ei av dei fem avdelingane i helse og omsorg til å vere pilot for prosjektet, har kommunen engasjert alle dei fem avdelingane til å vere med. Mykje på bakgrunn av at dei allereie i dag er gode på samhandling på tvers av avdelingar.
– De skal oppleve ein god arbeidskvardag, no og i framtida. Det er ikkje sikkert at det er økonomien som stoppar oss då, men mangel på fagfolk. Difor må vi tenke nytt.
Også hovudtillitsvald og verneombod er med i prosjektet.
Også helseminister Jan Christian Vestre (Ap) har merka seg at Ulstein gjer det godt. Han sende helsing til dei som skal jobbe med prosjektet.
Rusta for framtida
Prosjektleiar Hanne Marte Sukka seier at prosjektet er med positivt forteikn.
– Mange av dei som er med i prosjektet skal jobbe her i mange år. Det handlar om å ruste arbeidsplassen sin for framtida. Vi veit heller aldri når vi kan trenge hjelp sjølve
Og det overordna målet for prosjektet? Ei berekraftig helse- og omsorgsteneste.
Når TØRN-prosjektet er gjennomført skal arbeidsoppgåver vere kartlagt og vurdert, og ei ny oppgåvedeling/organisering av oppgåvene skal vere på plass. Dette skal deretter verte testa ut i slutten av prosjektet.