Influensa- og koronavaksinering hausten 2024

Influensa- og koronavaksinering hausten 2024

Tilbod om influensa- og koronavaksine i Ulstein i haust.

vaksine vaksinasjon vaksinering - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Ulstein helsestasjon tilbyr samtidig influensa- og koronavaksine på følgande datoar:

  • 24. oktober klokka 09.00–12.00
  • 31. oktober klokka 09.00–15.30
  • 1. november klokka 09.00–12.00 (OBS! berre influensavaksine)

 

 

 

Bestilling av influensavaksine:

 

Viktig informasjon om time til koronavaksine:  

Det er ikkje lenger høve til å bestille time til koronavaksine via c19.no. Vi tilbyr drop-in-time samtidig som influensavaksinering den 24. og 31. oktober.  

  • Koronavaksinen er gratis
  • Ved spørsmål, send SMS til: 47 75 47 74

Influensavaksine:

Her kan du lese om vaksineråd for influensasesongen 2024/2025: 
Vaksineanbefalinger influensasesongen 2024-2025 - FHI

Risikogrupper:

  • bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • alle frå fylte 65 år
  • gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko.  
  • prematurt fødde barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og vaksne med
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom  
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom
    • svært alvorleg fedme
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

 

Koronavaksine

Vi tilbyr den oppdaterte vaksinen Comirnaty Omicron JN.1. 

Her kan du lese om vaksineanbefalingar knytt til koronaviruset for haust-/vintersesongen 2024-2025: Koronavaksine - FHI

Risikogrupper:

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler følgande grupper å ta ei ny oppfriskingsdose med koronavaksine:

  • Personar i alderen 65 år og eldre, og personar som bur på sjukeheim
  • Personar i alderen 18–64 år som inngår i ei risikogruppe
  • Ungdom i aldersgruppa 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Barn frå 6 månadar til 11 år med alvorleg grunnsjukdom, der barnet sin lege vurderer det som viktig
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1.trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdom som gir ytterlegare risiko.  
  • Barn opp til 11 år som skal ha koronavaksine må melde til helsestasjonen eller sin helsesjukepleiar. Vaksinasjon av desse vert sett opp på individuelt oppsette datoar og tider, utanom ordinære vaksinasjonstider.