Prosjekt for innsparing i oppvekstsektoren

Prosjekt for innsparing i oppvekstsektoren

Kommunestyret har bede administrasjonen om å vurdere framtidig ressursbruk, struktur og kapasitet i barnehagar og skular i Ulstein kommune. På denne sida kan du følge prosessen fram til endeleg vedtak i 2025.

Siste nytt
  • 29. januar: Levekårsutvalet godkjente mandatet for utgreiinga. Les mandatet her: Mandat - organisering av oppvekstsektoren
  • 11. mars: Prosjektsida er oppdatert med “Svar på innsende spørsmål
    • 18.mars: fleire spørsmål er svart ut
    • 25. mars: nytt spørsmål svart ut
  • 13.–14. mars: Det vart sendt ut spørjeundersøking til føresette i barneskulane
  • 18. mars: Dokumentsamling lagt til
  • 19: mars: Det vart sendt ut spørjeunderøsking til tilsette i skulane
  • 24. mars: Tre nye dokument i dokumentsamlinga
  • 26. mars: Nytt dokument i dokumentsamlinga
  • 3. april: Det vart sendt ut spørjeundersøking til tilsette i kommunale barnehagar
  • 11. april: Tre nye dokument i dokumentsamlinga
Barn på skule. Rekker opp hendene. - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Her finn du informasjon om arbeidet, og om korleis og når du kan medverke i prosessar og uttale deg i saka.

Trykk på dei grå knappane for å utvide:

Bakgrunn for prosjektet

Ulstein kommune må spare opp mot 19 millionar kroner for å sikre ei berekraftig drift. Det er difor naudsynt med ein gjennomgang av heile det kommunale tenesteområdet, men ein stor del må tas i oppvekstsektoren.

Ulstein kommune har fem grunnskular av ulik storleik, der den minste skulen har 49 elevar og den største 492. Dette gir rom for å tenke nytt om organiseringa, utan at det skal gå ut over den gode kvaliteten vi har i Ulsteinskulen i dag. 

Kommunen har også tre kommunale barnehagar og ein fjerde under planlegging.

 

Oppdrag frå kommunestyret

Kommunestyret gjordet 12. desember 2024 følgande vedtak:

"Ulstein kommunestyre ber administrasjonen om å sette i gang prosessar for å redusere driftskostnadar inn mot økonomiplan 2025–2028 med 18,84 millionar kroner.

I dette ligg vurderingar som-  

(…)

Greie ut endring av organisering oppvekst og kultur og framtidig ressursbruk, struktur og kapasitet på barnehage- og skuleområdet." 

Les protokollen her (sak 150/24)

Tidslinje
  • Januar: ferdigstille og handsame mandat i levekårsutvalet (29. januar)
  • Februar: utarbeide spørjeundersøking og plan for gjennomføring
  • Mars–april: gjennomføre spørjeundersøking i barnehagar og skular
  • Mai: ferdigstille kunnskapsgrunnlag og administrasjonen si tilråding
  • Juni: politisk handsaming av kunnskapsgrunnlag og tilråding (03.06 – 19.06)
  • Juni – august: kunnskapsgrunnlag og administrasjonen si tilråding ut på høyring 
  • August: arbeid med høyringsinnspel
  • August/september: kommunestyret gjer vedtak om korleis oppvekstsektoren skal organiserast (25.08-11.09)
Svar på innsende spørsmål
Spørsmål om rapportar og talgrunnlag

Spørsmål 30. januar: Kan de legge ut rapportane frå Norconsult AS (2016) og KS Konsulent (2021) og evt. andre rapportar og talgrunnlag som er tenkt brukt, på denne sida, så dei er lett tilgjengelege?

Svar: Hei og takk for e-post.  

Vi vil nytte prosjektsida til å legge ut rapportar og talgrunnlag som vert nytta i prosjektet undervegs.  

Rapporten til Norconsult  (2016) vil vi nytte delar av og det vert lagt ut på sida.  

Rapporten frå KS Konsulent har vi enno ikkje nytta som grunnlag, den vert ikkje lagt ut på nettsida. Legg den likevel med i svaret mitt til deg her.

---------------------------------------------

Skulebehovsplan frå Norconsult (2016) (PDF, 5 MB)

Spørsmål om ordlyd om elevtal på Haddal skule

Spørsmål 24. februar: I prognosen om elevtal kunne ein i staden for å skrive “Haddal skule held seg stabil med ein liten auke på 4 elevar (frå 2024/2025 til 2030/2031.)” skrive dette: “Haddal skule er den einaste skulen i kommunen som opplever positiv elevutvikling med ei auke på 14 % (7 elevar) fram til 2029, før det vert redusert med 3,6 % (2 elevar) i 2030.”

Svar: Hei og takk for e-post.

I rapporten legg vi vekt på å ordlegge oss nøytralt og faktabasert. Vi takkar for innspelet, men held oss til ordlyden som er valt.

Spørsmål om drifts- og lånekostnadar for skulane i Ulstein

Spørsmål 15. februar: Kva er dei faktiske drifts- og lånekostnadane for dei ulike skulane i Ulstein kommune?

Svar: 

Hei.

 Vedlagt finn du driftskostnadar per skulebygg. Tala er for 2024 og er henta frå Ulstein kommune og UEKF. Tala frå begge selskapa er sett saman slik at dei viser eit samla bilete. Internhusleiga er fjerna. Den vert samla 0,- for begge selskap og er fjerna frå 2025.

Sjå vedlegg (XLSX, 15 kB)

Oppfølgingsspørsmål til svar om drifts- og lånekostnadar for skulane i Ulstein

Oppfølgingsspørsmål : Takk for tilsendte.  

Kan du også sende over avskrivingsgrunnlaget/restverdi/bokført verdi for kvart av bygga?

Svar: Hei.  

Kunnskapsgrunnlaget vert oppdatert med eit rekneark som viser funksjonane 202 grunnskule og 215 skulefritidsordning per skule. Vi kjem til å legge ut dette i løpet av kort tid.  

Eg legg ved fila her slik at du har den no. 

Vedlegg (XLSX, 35 kB)

Spørsmål om prosentvis utrekning for elevtal på Haddal skule

Spørsmål: Kvifor blir ikkje Haddal nemnt med prosent ved auke i elevtalet? Alle andre skulane blir utrekna med prosent. Refererer til teksta som ligg under “kvifor vert det færre elevar”.

Svar: Hei og takk for spørsmålet.

Haddal skule var den einaste skulen som hadde positiv elevtalsutvikling, difor vart det ikkje rekna ut prosent. Dette skal vi endre på.  

Vi vil legge til prosent i teksten etter Haddal skule og supplere meir informasjon kring elev -og befolkningsframskrivingar på prosjektsida. 

Spørsmål om spørjeundersøking

Spørsmål 19. februar: Kven skal svare på spørjeundersøkelsen som skal gjennomførast i mars/april?

Svar: Hei.

Spørjeundersøkinga vert sendt til føresette som har barn eller elevar i barnehage og skule, tilsette i barnehage og skule og til elevar på 5.-10.klassesteg.  

Spørsmål om spørjeundersøking - 2

Spørsmål 14. mars: Eg lurer på kva de ønsker å finne ut av ved å halde denne spørjeundersøkinga. Dette synast eg kom dårlig fram. Her manglar spørsmål om det psykososiale skulemiljøet, trivsel og nærmiljøet til elevane. Dette er elementære ting i eit barn sitt liv. Vi må arbeide ut i frå barnets beste når vi ser på så store inngripen som endring av skulestruktur. Vidare synast eg spørsmålet angåande kor ofte vi brukar skulebygget hadde dårlige svaralternativ på, då vi i krinsane nærmast brukar dette bygget dagleg. Det er også noko som er veldig vesentlig når de ser på struktur og organisering.

Svar: Hei og takk for e-post.  

Kommunestyret har bede administrasjonen om å vurdere framtidig ressursbruk, struktur og kapasitet i barnehagar og skular i Ulstein kommune. Målet er å vurdere korleis oppvekstsektoren i Ulstein best kan verte organisert for å oppnå høg kvalitet, god ressursutnytting, nok kompetanse, godt læringsmiljø og utvikling i tråd med kommunale mål, samtidig som vi skal oppnå ei innsparing.   

I undersøkinga sendt ut til føresette er der spørsmål om ein opplever at barnet har gode venner på skulen og tre spørsmål knytt til bruk av skulebygg og uteområde etter skuletid. Svaralternativa på spørsmåla om kor ofte ein brukar skulebygget og uteområdet på fritida er rangert frå minst ein gong i veka, minst ein gong i månaden, sjeldnare enn ein gong i månaden eller aldri. Dersom ein får eit høgt score på minst ein gong i veka er det eit tydeleg signal på at det er høg aktivitet på skulebygget på fritida.   

Det skal sendast ut spørjeundersøking til elevar og tilsette, og vi kjem til å sjå på resultat frå elevundersøkinga som vart gjennomført i fjor. Samla sett håper vi på at vi får eit godt kunnskapsgrunnlag. 

Spørsmål om spørjeundersøking - 3

Spørsmål 14. mars: Undrar på kva arbeidsgruppa ynskjer å finne ut av spørsmåla som blir stilt i spørjeundersøkinga. Det var ingen spørsmål om viktige ting som trivsel, det psykososiale skulemiljøet, vener, tryggleik, samarbeid mellom heim og skule, nærmiljø og fritidstilbod. Det burde også vore moglegheit til å kunne skrive kommentarar ved spørsmåla.

Svar: Hei og takk for e-post.  

 Kommunestyret har bede administrasjonen om å vurdere framtidig ressursbruk, struktur og kapasitet i barnehagar og skular i Ulstein kommune. Målet er å vurdere korleis oppvekstsektoren i Ulstein best kan verte organisert for å oppnå høg kvalitet, god ressursutnytting, nok kompetanse, godt læringsmiljø og utvikling i tråd med kommunale mål, samtidig som vi skal oppnå ei innsparing.   

I undersøkinga sendt ut til føresette er der spørsmål om ein opplever at barnet har gode venner på skulen og tre spørsmål knytt til bruk av skulebygg og uteområde etter skuletid. 

Det skal sendast ut spørjeundersøking til elevar og tilsette, og vi kjem til å sjå på resultat frå elevundersøkinga som vart gjennomført i fjor. Samla sett håper vi på at vi får eit godt kunnskapsgrunnlag.  

 Når det gjeld å opne for kommentarar i denne spørjeundersøkinga valde vi det vekk, då undersøkinga vert sendt ut til veldig mange og det gjer det krevjande å handtere informasjonen på ein god måte.  Vi ser at vi får ein del spørsmål gjennom prosjektsida og det vil vere anledning til å komme med kommentarar når saka vert lagt ut på høyring.  

Spørsmål om lånesum for Haddal skule

Spørsmål 12. mars: Kva er lånesummen som er att for Haddal skule?

Svar: Hei og takk for e-post.  

Lånegjelda til kommune/kommunalt føretak er samla og ikkje delt opp etter bygg eller prosjekt. Vi har derfor ikkje oversikt over resterande lånesum per bygg eller prosjekt.  

Spørsmål om husleige – Haddal skule

Spørsmål 12. mars: Kva har Ulstein kommune/Haddal skule betalt i leige av bygg til UEKF per år? 

Svar: Hei.

Vedlagt finn du informasjon om husleige for skulane frå 2012 til 2024. UEKF vart regnskapsført etter rekneskapslova fram til 2012. Vi har lite informasjon om rekneskapen til UEKF frå før 2012.

Summen i oversikta er mangelfull då husleiga mellom kommunen og UEKF var sett opp som ein «symbolsk sum» som UEKF har fått for å dekkje sine kostandar, fordelt forhaldsmessig mellom bygga.

Vi veit ikkje kva grunnlaget for utrekning av husleigene var i si tid. Det var veldig mange år husleigene ikkje vart justert for pris-og lønsvekst mellom UK og UEKF. Om husleigene i si tid var berekna per bygg (som vi ikkje veit), kor mykje bemanning (reinhald, vaktmester, osb) var lagt til grunn, eller om det er blitt endra gjennom åra. Vi veit heller ikkje kva rentesats som var lagt til grunn på eventuelle kapitalkostnadar.  

Det betyr at vi veit for lite om husleigene på eldre bygg. Vi kan gi dykk informasjon om summen, men summen kan ikkje brukast til å vere noko indikasjon på kva Haddal skule kostar kommunen. Internhusleige blir eliminert/fjerna i rapportering til SSB, då det er dei direkte kostnadane/inntektene som viser kva eit bygg kostar å drifte.

Vedlegg (XLSX, 10 kB)

Spørsmål om talgrunnlag for elevtal

Spørsmål 18. mars: Viser til denne sida: 1-elevtalsutvikling.pdf og lurer på; Kvifor bruke tal som er 15 år gamle? Er det for å sette fokus på at elevtalet går nedover? Hadde ein tatt utgangspunkt 5 år bak, hadde kurva vore mykje flatare.

Svar: Hei og takk for e-post.  

Bakgrunnen for at vi har valt å nytte tal 15 år tilbake i tid er viktigheita av å sjå statistikk over eit lengre tidsperspektiv for å identifisere langsiktige trendar og mønster, samt det reduserer effekten av tilfeldige variasjonar. Eit langsiktig perspektiv gir eit meir solid grunnlag for å ta ei avgjerd.  

Spørsmål om undervisningskostnader

Spørsmål 23. mars: Hei. Er det mogleg å få ei oversikt over undervisningskostnadane for kvar skule med samme detaljgrad som den for skulebygga? Gjerne for både 2024 og 2025, med spesifikasjon på kvar meirforbruket i år ligg. 

Svar: Vedlagt finn du delrapport som svarar ut kostnaden for undervisning per elev for kvar skule. rapporten vil verte lagt ut på prosjektsida i løpet av vekla. grunnlaget for rapporten er frå 2024. rapport for 2025 er ikkje klar enno.

Vedlegg  (PDF, 137 kB)

Oppfølgingssørsmål om undervisningskostnader

Spørsmål 24. mars: Eg kunne tenkt meg meir detaljar av kva som generer kostnadane. Lik oppdeling som for skulebygg. 

 

Svar: Hei.

Kunnskapsgrunnlaget vert oppdatert med eit rekneark som viser funksjonane 202 grunnskule og 215 skulefritidsordning per skule. Vi kjem til å legge ut dette i løpet av kort tid.

Eg legg ved fila her slik at du har den no.

Vedlegg (XLSX, 35 kB)
 

Spørsmål om undervisningskostnader om fem år

Spørsmål 25. mars: Hei. Eg ser de har delt kostnadar per elev frå regnskap 2024. Korleis trur de at desse tala ser ut i 2030/31? Då har elevtalet endra seg på fleire skular. 

Svar: Hei og takk for spørsmål.

Det er mange ulike faktorar som spelar inn når ein skal rekne ut kostnadsnivået på ein skule fram i tid. Utvikling i faktisk elevtal, lønn og generell prisauke gjer at ei slik kalkyle vert høgst usikker. Korleis vi vel å organisere oppvekstsektoren vil også kunne gjere store utslag.

På grunn av så mange ulike faktorar er vi redd for at ei slik prognose vil vere for usikker.


 

Har du eit spørsmål?
Generelle spørsmål og svar
Kva er bakgrunnen for prosjektet?

Ulstein kommune må spare opp mot 19 millionar kroner for å sikre ei berekraftig drift. Det er difor naudsynt med ein gjennomgang av heile det kommunale tenesteområdet, men ein stor del må tas i oppvekstsektoren.

Grunnane er fleire, men i hovudsak handlar det om at vi vert fleire eldre og færre unge i Ulstein. Dette påverkar korleis kommunen må prioritere ressursane sine. 

 

Kommunestyret gjorde følgande vedtak i desember 2024:

"8. Ulstein kommunestyre ber administrasjonen om å sette i gang prosessar for å redusere driftskostnadar inn mot økonomiplan 2025–2028 med 18,84 millionar kroner.

I dette ligg vurderingar som-  

Greie ut endring av organisering oppvekst og kultur og framtidig ressursbruk, struktur og kapasitet på barnehage- og skuleområdet." 

Heile vedtaket med fleire punkt finn du i protokollen (sak 150/24): Protokoll - Kommunestyret - 12.12.2024 

Kor mykje pengar må kommunen spare?

Kommunen må spare nærare 19 millionar kroner i 2025.

 

 

Kvifor ser vi på organiseringa av skulane?

Ulstein kommune har fem grunnskular av ulik storleik, der den minste skulen har 49 elevar og den største 452. Dette gir rom for å tenke nytt om organiseringa av skulane. Ei utgreiing utført av KS Konsulent i 2021 viste at det er mogleg å drive skular på ein god måte med mindre budsjett, noko som opnar for nye strukturelle løysingar. Korleis ein eventuell ny skulestruktur skal sjå ut, må verte avgjort gjennom ein grundig og involverande prosess. Innsparingar frå slike tiltak er realistiske, og ein forsiktig prognose indikerer at kommunen kan oppnå ei innsparing på om lag 10 millionar kroner frå 2026. Dette vil gi Ulstein kommune betre økonomiske rammer til å sikre kvaliteten i oppvekstsektoren framover

Kva er ein skulestruktur?

Ein skulestruktur skildrar korleis skular er organisert i ein kommune. Det handlar om talet på skular, kvar skulane ligg, kva klassetrinn dei har, og korleis elevane er fordelt mellom skulane. Vert det endringar i demografien (talet på eldre og yngre til dømes), økonomi eller geografiske forhold, kan det påverke strukturen.

Kvifor kan vi ikkje berre redusere talet på lærarar?

Lærarnorma er ein nasjonal regel som fastset kor mange elevar det maksimalt kan vere per lærar i grunnskulen.

For 1.–4. trinn skal det vere maksimalt 15 elevar per lærar, og for 5.–10. trinn er grensa 20 elevar per lærar. Dersom kommunen reduserer talet på lærarar utover dette, bryt vi med plikta vi har til å oppfylle lærarnorma.

Årsverk/lærarnorm i Ulsteinskulen

Årsverk/lærarnorm i Ulsteinskulen
Skule  Trinn  Gruppestorleik Årsverk over  Årsverk under 
Haddal skule  1.–4. 5,7  2,8 
   5.–7. 1,9 
Hasund skule  1.–4. 10,4  2,1 
   5.–7. 10,3  3,6 
Ulstein skule  1.–4. 12,1  0,5 
   5.–7. 10,8  1,7 
Ulsteinvik barneskule  1.–4. 14,4  0,6 
   5.–7. 19,6  0,2 
Ulsteinvik ungdomsskule  8.–10. 19,4  0,7 
 SUM        14,1 
Per januar 2025.
Kvifor vert det færre elevar?

Fødselstala i Noreg har sokke dei siste åra. Det vert fødd færre barn per kvinne enn det gjorde tidlegare. Dette påverkar talet på barn som startar på skule.

Prognose elevtalsutvikling 2024–2030

Prognose elevtalsutvikling 2024–2030
Prognose førsteklasse  2024/25  2025/26  2026/27  2028/29  2029/30  2030/31 
Fødd i år:  2019  2020  2021  2022  2023  2024 
Haddal skulekrins 
Hasund skulekrins  17  18  19  25  17  21 
Ulstein skulekrins  11 
Ulsteinvik sentrumskrins  67  57  77  58  47  57 
Sum  98  93  108  98  79  94 

Totalt ser det ut til at elevtalet for barneskulane i Ulstein vert redusert frå 705 til 658 elevar (- 47 elevar som utgjer -6,66 %). Haddal skule held seg stabil med ein liten auke på 4 elevar (7,84 %). Hasund skule opplever ein nedgang på 8 elevar (-5,67 %), Ulstein skule vert redusert 6 elevar (-11,%), og Ulsteinvik barneskule vert redusert med 37 elevar (-8 %). 

Kvifor får skulane mindre pengar når det vert færre elevar?

Kommunen får pengar (rammetilskot) frå staten kvart år. Summen kommunen får er basert på mellom anna talet på innbyggarar. Dersom elevtalet går ned, får kommunen mindre pengar. Ein elev færre betyr 100 000 kroner mindre til skulen.

 

Er større skular betre enn små skular?

Det er både nasjonal og internasjonal forsking om skulestorleik, trivsel og læring. Ein rapport frå 2022 av professor Thomas Nordahl viser at det er liten samanheng mellom skulestorleik og elevane si læring og trivsel.

Kva med barnehagane?

Ulstein kommune har i dag tre kommunale barnehagar (Sudgotmarka, Almejordet og Høddvoll) og  fem private barnehagar. 

Kommunestyret har vedtatt at det skal byggast ny kommunal barnehage i Hasund krins (prosjekt Uglesætra).

Som ein del av kunnskapsgrunnalget vert det lagt opp til gjennomføring av spørjeundersøking retta mot føresette og tilsette i dei kommunale barnehagane. 

Å gjere ei vurdering av endring av barnehagestrukturen, vil vere vanskeleg å gjere før eventuelle forslag til skulestruktur ligg føre.

Kven kan medverke og korleis?

Det er fleire måtar du kan involvere deg i saka. 

Du kan sende inn generelle spørsmål i skjemaet under.

Merk at all dialog med kommunen er å rekne som offentleg informasjon. Vi vil samle opp aktuelle spørsmål vi får og publisere svar på denne sida, men vi vil ikkje publisere namnet eller e-posten til den som har sendt det inn.

 

Delta i høyringa

Saka skal ut på høyring i mai/juni. Det vil seie at alle som ønsker det kan sende inn meininga si til kommunen. Du kan delta i høyringa som privatperson eller som del av ein organisasjon (til dømes FAU, idrettslag m.m.). Alle høyringssvar vert offentleggjort, vurdert og kommentert i den politiske saka.

Når saka vert lagt ut på høyring vert ho lagt ut på sida for høyringar og kunngjeringar på nettsida til Ulstein kommune, i tillegg til hovudsida for prosjektet.

Har du spørsmål?

Du kan sende inn generelle spørsmål i skjemaet under.

Merk at all dialog med kommunen er å rekne som offentleg informasjon. Vi vil samle opp aktuelle spørsmål vi får og publisere svar på denne sida, men vi vil ikkje publisere namnet eller e-posten til den som har sendt det inn.

 

Delta i høyringa

Saka skal ut på høyring i mai/juni. Det vil seie at alle som ønsker det kan sende inn meininga si til kommunen. Du kan delta i høyringa som privatperson eller som del av ein organisasjon (til dømes FAU, idrettslag m.m.). Alle høyringssvar vert offentleggjort, vurdert og kommentert i den politiske saka.

Når saka vert lagt ut på høyring vert ho lagt ut på sida for høyringar og kunngjeringar på nettsida til Ulstein kommune, i tillegg til hovudsida for prosjektet.