Skal du køyre Selvågtunellen dei neste månadene? Les her!
Selvågtunellen på fylkesvegen mellom Haddal og Eiksund skal oppgraderast. Arbeidet startar 27. januar og er venta å vare heilt til 29. oktober.
Svein Arne Orvik
På dagtid vil tunellen vere open for trafikk, men mellom klokka 20.00 og 06.00 på morgonen, vil tunellen vere stengt. Det vert heller ikkje høve til å nytte Selvågvegen som gjennomkøyringsveg mellom kolonnetidene.
Det vert kolonnekøyring på faste tidspunkt.
Dei er
- klokka 20.30 – Eiksund–Haddal–Eiksund
- klokka 21.00 – Eiksund–Haddal–Eiksund
- klokka 21.30 – Eiksund–Haddal–Eiksund
- klokka 22.30 – Eiksund–Haddal–Eiksund
- klokka 00.30 – Eiksund–Haddal–Eiksund
- klokka 04.45 – Haddal–Eiksund–Haddal
Her kan du lese vegmeldinga frå Statens vegvesen.
Publisert 20.01.2025 11:19
Sist endra 20.01.2025 11:23