Kommunedirektør Jarl Martin Møller.
Janne-Marit Myklebust
Ulstein kommune står i ein krevjande økonomisk situasjon, og gjennom rekneskapsrapportar for 2024 er det signalisert eit strukturelt underskot på mellom 10 og 15 millionar kroner, og ein reduksjon av driftsfondet i storleik 19–24 millionar kroner.
Resultat for 2024 vart eit negativt netto driftsresultat for konsernet på -26,6 millionar kroner.
Disposisjonsfondet til kommunen vert derfor kraftig redusert, og vi har igjen 14,7 millionar kroner.
Dei største negative avvika i drifta finn vi innan
- omsorg: 15,7 millionar kroner
- skule: 13,8 millionar kroner
- helse: 5,2 millionar kroner
- barnehage: 2,6 millionar kroner
- kultur og idrett: 2,8 millionar kroner
Utover det strukturelle underskotet i drifta påverkar desse tiltaka at driftsfondet vert redusert:
- Underskot Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF): 1,3 millionar kroner. I tillegg kjem eit udisponert rekneskapsmessig meirforbruk på 379 850 kroner.
- Underskot sjølvkost (VA): 3 millionar kroner.
- Løyving sportshall: 3,5 millionar kroner.
Omstilling for framtidig berekraft
Ulstein kommune arbeider breitt og systematisk med ei rekkje tiltak for å sikre ein berekraftig kommuneøkonomi og eit varig handlingsrom. Målet er å kunne levere gode tenester innanfor realistiske økonomiske rammer, og samtidig ruste organisasjonen for framtida.
Det vert no gjennomført ei utgreiing av ny organisering for oppvekst- og kultursektoren, med særleg fokus på ressursbruk, struktur og kapasitet i barnehage og skule. Utgreiinga skal leggjast fram i juni 2025 og vil danne grunnlag for framtidige prioriteringar.
Innan helse og omsorg skal det utviklast ein ny modell for ressursorientert sakshandsaming og tildeling, med mål om å sikre tenester på mest effektive omsorgsnivå. Parallelt vert det utarbeidd ein strategi for digitalisering og velferdsteknologi som skal bidra til meir effektive og treffsikre tenester.
Kommunen held fram arbeidet med heiltidskultur og berekraftig bemanningsplanlegging og deltek i det nasjonale prosjektet Tørn, som ser på ny oppgåvefordeling og framtidsretta organisasjonsformer i helse- og omsorgstenestene.
I tillegg skal sektorane konkretisere ulike innsparingskrav. Dette omfattar ein gjennomgang av oppgåver som ikkje er lovpålagde, og ei tilpassing av tenestene i tråd med endra behov – både på kort og lang sikt. Tenestesamarbeid skal også verte vurdert som eit verkemiddel for effektivisering.
Ulstein kommunestyre har i sitt siste budsjettvedtak lagt til grunn at omstillingsarbeidet skal lukkast, og at framtidige investeringar berre skal gjennomførast dersom dei er forsvarlege innanfor det økonomiske handlingsrommet. Det betyr at nye anbod eller større investeringar ikkje vert starta før omstillingspakka er gjennomført og økonomiplanen sine krav er oppfylte.
Jarl Martin Møller
kommunedirektør