Ta del i budsjettprosessen

Ta del i budsjettprosessen

Kommunedirektør Jarl Martin Møller, presenterer kommunens budsjettforslag for 2025  - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust

Kva meiner du om inntektene og utgiftene til kommunen? Følg budsjettprosessen og sei meininga di til dei folkevalde.

Steg 1: Framlegg frå kommunedirektøren

6. november la kommunedirektør Jarl Martin Møller fram sitt forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan for 2025–2028. Presentasjonen var på Ulstein bibliotek og markerte starten på den politiske budsjettbehandlinga. 

Kommunedirektøren sin budsjettpresentasjon vart strøyma via Facebooksida til Vikebladet, og du kan lese presentasjonen her:

Budsjett- og økonomiplan 2025-2028

Her er budsjett og økonomiplan i PDF-format (PDF, 4 MB)

 

Steg 2: Budsjettbehandling i folkevalde organ

Lurer du på korleis du kan påverke? I første omgang kan det vere lurt å ta kontakt med dei folkevalde. Elles finn du råd om korleis påverke HER.

Her ser du når dei folkevalde organa behandlar budsjettframlegget.
Klikk på namna for å få fram kontaktinformasjonen til dei folkevalde. 

formannskapet: 19. november og 26. november

fellesrådet: 12. november 

levekårsutvalet: 13. november 

teknisk utval: 14. november 

kommunestyret: 12. desember 

Steg 3: Høyring før vedtak i kommunestyremøtet

Formannskapet vil kome med si tilråding 26. november om kva dei meiner kommunestyret bør vedta i saka om budsjett og økonomiplan.  Tilrådinga ligg ute til offentleg høyring før budsjettet vert endeleg vedteke av kommunestyret.

Du kan sende ein høyringsuttale til og med 11. desember 2024.

Bruk adressa postmottak@ulstein.kommune.no. eller postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Merk e-post med “Innspel til økonomiplan”. Uttalen må vere levert til kommunen seinast 11.12.2024 kl. 15.00. 

Endeleg budsjettvedtaket vert gjort i kommunestyret 12. desember 2024.

 

Politiske spørsmål og svar

Vi publiserer fortløpande spørsmål og svar som kjem inn i høve budsjettprosessen.

Sjå kva som rører seg her.