Beredskapsplan

Beredskapsplan

Beredskapsplanen er ein sentral og koordinerande del av kommunen sin beredskap, og kjem i tillegg til planar for handtering av kriser som dei enkelte kommunale tenester har utarbeida.

Ulstein skal vere ei trygg kommune å bu i. Kommunen skal førebygge kriser og uønskte hendingar gjennom å ta beredskapsmessige omsyn ved kommunal planlegging, utbygging og drift. Når uønskte hendingar likevel oppstår, skal kommunen vere i stand til å takle dei på ein god måte.
 

Beredskapsplanen skal sikre at beredskapsarbeidet vert gjennomført på ein slik måte at det oppfyller krava i lov og forskrift. Vidare skal den sikre ei god implementering av beredskapsarbeidet i organisasjonen, godt samarbeid med andre offentlege og private aktørar, samt tilfredsstillande trening av personell som har roller i beredskapsarbeidet.

 

Beredskapsplanen er en plan for kriseleiinga og er utarbeida med bakgrunn i gjennomført risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS).
 

Ulstein kommune sin beredskapsplan (PDF, 473 kB)