Kommunens arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap

Kommunens arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap

Kommunen har eit generelt og grunnleggande ansvar for å vareta innbyggarane si sikkerheit og tryggleik innanfor sine geografiske område.

Vi arbeider systematisk for ei trygg kommune gjennom alle våre tenester.

Overordna beredskapsplan beskriv korleis beredskapen i kommunen er organisert ved alvorlege uønskte hendingar som rammer kommunen som heilskap, eller som er av ein karakter som krev sentral koordinering og leiing. Den overordna beredskapsplanen er laga med utgangspunkt i blant anna Ulstein kommune sin risiko- og sårbarheitsanalyse

I tillegg til vår overordna beredskapsplan har alle våre verksemder som skular, barnehagar, institusjonar og legevakta eigne beredskapsplanar.

I ei krise vil brannvesenet og legevakta sette i gang med akutt livreddande innsats. Skulane, barnehagane, heimehjelptenesta og sjukeheimen har eigne planar for å kunne vareta barn og brukarar i ei krise.

Etatar med ansvar for kritisk infrastruktur som vassforsyning, har operasjonssentralar som overvakar drifta kontinuerleg og set inn tiltak beinveges dersom ei uønskt hending oppstår.

Relevante lover og forskrifter