Rutine for varsling

Rutine for varsling

Ulstein kommune ønsker å førebygge, avdekke og forbetre uønskte forhold.

Formål med varsling
  • Sikre eit godt ytringsklima og trygge varslingsforhold.
  • Sørge for at at kritikkverdige forhold vert avdekt.
  • Sikre at arbeidstakarar skal kunne seie frå utan å vere redd for negative konsekvensar.
Kva er varsling?

Varsling er å seie frå om kritikkverdige forhold som er i strid med rettsreglar, etiske retningslinjer eller normer som har brei tilslutning i samfunnet, til nokon som kan gjere noko med det. 

Retten til å varsle om kritikkverdige forhold i arbeidsgivar si verksemd er lovbestemt. Alle vert oppmoda til å varsle om kritikkverdige forhold i Ulstein kommune. Varslingsordninga skal gjere det enkelt og trygt å varsle om kritikkverdige forhold i Ulstein kommune eller mot Ulstein kommune. 
I nokre tilfelle har arbeidstakar også plikt til å melde ifrå, til dømes ved fare for liv og helse, jamfør arbeidsmiljølova § 2-3. 

Kva kan du varsle om?

Du kan varsle om kritikkverdige forhold som er i strid med rettsreglar, etiske retningslinjer eller normer som har brei tilslutning i samfunnet. 

Døme på kritikkverdige forhold er

  • uforsvarleg arbeidsmiljø
  • korrupsjon eller anna økonomisk kriminalitet
  • brot på innkjøpsreglar
  • fare for liv og helse
  • fare for klima eller miljø
  • maktmisbruk
  • brot på personvern
Kva er ikkje omfatta av varslingsordninga?

Døme på kva varslingsordninga ikkje omfattar er

  • saker som gjeld arbeidstakar sitt eige arbeidsforhold, til dømes misnøye med løn, personalkonfliktar, fordeling av oppgåver og liknande
  • avvik som skal meldast i kommunen sitt avvikssystem
  • ytringar om fagleg eller politisk usemje
  • klage på enkeltvedtak
  • kritikkverdige forhold utanfor kommunen sitt ansvarsområde
Kven kan varsle?
  • Alle tilsette i Ulstein kommune og innleigd personell
  • Eksterne (til dømes leverandørar eller innbyggarar)
  • Andre som utfører arbeid i ei kommunal verksemd, til dømes lærlingar eller personar som deltek i arbeidsmarknadstiltak utan å vere tilsett
Kven skal du varsle til?

 

Varsling til Ulstein kommune

Du kan varsle til kommunen sitt varslingsmottak som er personalleiar og jurist. 
Det gjer du via dette skjemaet: Skjema for varsling

Du kan velje å varsle anonymt, men det vil avgrense moglegheita vår til å utgreie saka. For meir informasjon om dette, sjå under punktet “Anonymitet og innsyn”. Dersom du vil vere anonym kan du varsle varslingsmottaket her: Skjema for varsling. Gå direkte til skjema utan å logge inn via ID-porten.

Du kan også varsle til leiar gjennom tillitsvald, verneombod eller advokat.

Dersom det gjeld personar i varslingsmottaket kan du varsle kommunedirektøren.

Du kan varsle via elektronisk skjema, telefon, personleg oppmøte eller post.

Det er innhaldet i varselet som avgjer korleis og kven som følger oppvarselet vidare. Meir om dette finn du under punktet “Kva skjer etter at du har varsla”.

Varsling til ekstern offentleg mynde

Arbeidstakar kan alltid varsle eksternt til offentleg tilsynsmynde (til dømes Arbeidstilsynet, Statsforvaltaren, Luftfartstilsynet, Mattilsynet og Likestillings- og diskrimineringsombodet) eller anna offentleg mynde.

Varsling til offentlegheita, til dømes media

Arbeidstakar kan varsle eksternt til offentlegheita, til dømes media. Arbeidsmiljølova stiller strengare krav til slik varsling, og vilkår om at

  • arbeidstakar er i aktsam god tru om innhaldet i varselet, 
  • varselet gjeld kritikkverdige forhold som har allmenn interesse, og
  • arbeidstakar først har varsla internt, eller har grunn til å tru at intern varsling ikkje vil vere
    føremålstenleg.
Anonymitet og innsyn

Anonymitet

Du kan velje å varsle anonymt, men det vil avgrense moglegheita vår til å utgreie saka. Kommunen kan heller ikkje garantere anonymitet til nokon dersom kommunen allereie kjenner identiteten til den som varslar.

Varslinga vert handtert i samsvar med reglar for offentleg saksbehandling, uavhengig av om du varslar med namn eller varslar anonymt.

Innsyn

Dokument i varslingssaker er omfatta av same reglar for teieplikt og offentlegheit som andre dokument. 

Det vil som hovudregel innebere at 

  • den varselet er retta mot har krav på innsyn for å kunne uttale seg i saka
  • teiepliktige opplysingar vil vere unnateke frå innsyn for andre (offentlegheita)
  • opplysingar som ikkje er unnateke offentlegheit vil kunne verte offentleggjort
Slik varslar du

Framgangsmåten ved varsling skal vere forsvarleg.

Du kan varsle munnleg eller skrifteleg og det er ingen formkrav til innhaldet i varselet.

Du må vere tydeleg om forholdet du varslar om. 

Varselet bør innehalde

  • namn på verksemd og avdeling eller eining
  • konkrete opplysingar om kva forholdet gjeld
  • tid og stad for det kritikkverdige forholdet
  • personar som har kunnskap om forholdet


Det er ein fordel om du har dokumentasjon som kan underbygge påstandane i varselet. Dersom varselet ikkje inneheld tilstrekkelege opplysingar og det ikkje er mogeleg å innhente ytterlegare informasjon (ved anonymitet), vil saka ikkje kunne behandlast. 

Vurder om det er føremålstenleg å kontakte andre for å avklare saka før du vel å varsle. Du kan for eksempel søke råd hos kollegaer, tillitsvald, verneombod, tilsynsmynde eller annan tredjepart. 

Kva skjer etter at du har varsla?
  • Varslingsmottaket går igjennom varselet og tek stilling til kven som skal behandle varselet vidare. Dersom varselet gjeld kommunedirektør vil varselet verte behandla av kommunestyret, som truleg vil bruke ekstern bistand for å undersøke varselet.
     
  • Namngitte varslarar vil innan ei veke få ei stadfesting på at varselet er motteke, kvar varselet skal behandlast og kor lang tid behandlinga venteleg vil ta.
     
  • Arbeidsgivar har plikt til å undersøke og saksbehandle varsel innan rimeleg tid. Kva som vil vere rimeleg tid vil vere avhengig av varselet si alvorsgrad, kor viktig det er med rask avklaring og kor lang tid det praktisk vil ta å undersøke forholdet.
     
  • Arbeidsgivar skal ta stilling til vidare behandling i kvar enkelt sak, ut frå varselet sitt alvor og omfang.
     
  • Arbeidsgivar skal gjere nødvendige undersøkingar for å få ei objektiv skildring av dei forhold det vert varsla om. 
     
  • Arbeidsgivar skal ta stilling til om det har funne stad kritikkverdige forhold, om saka kan avsluttast eller om det er behov for å iverksette tiltak og eventuell vidare oppfølging. Eventuelle tiltak og oppfølging kan til dømes inkludere utarbeiding av nye rutinar eller andre interne tiltak og involvering av verneombod, bedriftshelseteneste, politisk leiing, politi, Arbeidstilsynet og andre. 
     
  • Arbeidsgivar har ansvar for å vareta rettstryggleiken til begge partar (den som varslar og den som varselet gjeld). Varsel skal som hovudregel behandlast fortruleg, det vil seie at identiteten til varslar ikkje skal gjerast kjent for fleire enn nødvendig. Vidare skal den varselet gjeld som hovudregel sikrast fortrulegheit og få høve til å uttale seg om varselet. 
     
  • Når saka er utgreia og kan avsluttast skal begge partar få ei orientering om utfallet. Av omsyn til personvern har arbeidsgivar avgrensa mogelegheit til å dele informasjon med varslar, med mindre varslar har rett til partsinnsyn etter forvaltningslova. 
     
  • Arbeidsgivar har plikt til å iverksette nødvendige gjenopprettande tiltak. 
     
  • Handtering av varslingssaker er ikkje enkeltvedtak og det er difor ikkje klagerett i slike saker.
Gjengjelding

Arbeidsgivar har ansvar for at arbeidstakar/innleigd personell som varslar ikkje vert utsett for gjengjelding.


Med gjengjelding er meint mellom anna

  • trugslar, trakassering, usakleg forskjellsbehandling, sosial ekskludering eller anna utilbørleg åtferd
  • åtvaring, endring i arbeidsoppgåver, omplassering eller degradering
  • suspensjon, oppseiing, avskjed eller ordensstraff

 

Tvistar om brot på forbodet mot gjengjelding kan setjast fram for Diskrimineringsnemnda. Det gjeld likevel ikkje saker om oppseiing eller avskjed.
 

For meir informasjon sjå: Diskrimineringsnemnda

Ansvar

Leiar har eit særleg ansvar for å gjere denne varslingsrutinen kjent.