Vi skal medverke til gode politiske prosessar og legge til rette for arbeidet i dei politiske styringsorgana.
Dei politiske sekretærane har sekretærfunksjon for ordførar, kommunestyret, formannskapet, utval, råd og andre fokevalde organ.
Noko av det vi gjer:
- avvikling av møte: møteplan, innkallingar, føring av protokoll, kunngjeringar med meir
- arbeidsvilkår, godtgjering og anna for folkevalde
- opplæring, rådgiving og informasjon av/til dei folkevalde
- organisering av, og reglement for folkevalde organ
- service til media og publikum om saker, vedtak og det politiske systemet
- digitale løysingar for politikarar og andre folkevalde
For å nå oss kan du sende e-post til folkevalde@ulstein.kommune.no.