Kommunevåpen

Kommunevåpen

Motivet "Bjelke med ulvetannsnitt i gull på blå botn" skal markere at Ulstein-namnet er knytt til gamal historie og kultur.

Ein av teoriane om opphavet til namnet knyter seg til Ulstein-elva som i gamal tid bar namnet Ulva. Ved Ulstein-elva finn vi rike minne om folkesetnad i førhistorisk tid. Det var her ved denne elva at vårt første kulturelle sentrum vart grunnlagt med kultstaden og seinare kyrkjestaden som samlingspunktet for prestegjeldet og tinglaget.

Kommunevåpenet. - Klikk for stort bileteKommunevåpenet til Ulstein.

Dette heraldiske motivet skal difor minne oss om at Ulstein kommune har ei fortid med lang historisk tradisjon å ta vare på og halde ved like.

Dessutan kan vi seie at det gule symboliserer kornåkeren og de blå havet der folket i alle år har henta si føde. Ser vi nærare etter, finn vi også krinsane i kommunen markert med sju parallellogram."

Kommunevåpenet for Ulstein kommune vart vedteke i K-sak 145/85