Skal du levere inn dokument til oss i samband med mindre byggearbeid eller oppmåling av grenser?
Send det til oss via Kontaktskjema for byggesak og eigedom
Her kan du legge ved PDF-filer som søknadsskjema, situasjonskart, teikningar, kvittering for nabovarsel osv.
Meir informasjon og søknadsskjema for dei ulike tenestene finn du her:
Byggesak
Eigedom
Seksjonering
Har du spørsmål rundt byggesak så kan desse sendast inn via byggesak@ulstein.kommune.no eller om det gjeld eigedommen din til geodata@ulstein.kommune.no
Booking-løysing
Via booking-løysinga oppmodar vi innbyggarane om å bestille tid dersom dei har spørsmål i saker som gjeld bygging og frådeling. Booking-løysinga opnar for fysisk møte, Teams-møte og telefonmøte.
Bestill tid - Byggesak
Bestill tid - Eigedom/kjøp av tomt
På møtet vurderer vi ikkje den konkrete saka eller konkrete løysingar, men gir rettleiing om korleis du skal gå fram for å søke, kva krav det er til dokumentasjon og korleis du kan få tak i naudsynt informasjon. Møtet er gratis og varer i maks 20 minutt.
Møtet erstattar ikkje førehandskonferansar. Dersom du treng meir tid enn 20 minutt, eller har ei konkret byggesak du vil ha innspel på, må du tinge førehandskonferanse:
Ting førehandskonferanse