NRK TV-aksjonen 2024 i Ulstein

NRK TV-aksjonen 2024 i Ulstein

TV-aksjonen NRK fyller 50 år i 2024, og det er Barnekreftforeningen som er tildelt årets innsamlingsaksjon. Barnekreftforeningen er ein sjølvstendig, landsdekkande og frivillig organisasjon som blei etablert i 1982. Føremålet er å bekjempe barnekreft og gi støtte til familiar som vert ramma av barnekreft.  Her er litt fakta om barnekreft.

For pengane frå TV-aksjonen ønsker Barnekreftforeningen å etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her skal foreldre og søsken lett kunne bevege seg mellom sjukehuset og familiehuset, slik at dei kan leve eit tilnærma normalt kvardagsliv medan barnet får behandling. 

Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 20. oktober.

 

Ei trygg hamn i uvissheita sitt land

Då Thor (9) fekk kreft, raste verda saman for den danske familien. I familiehuset ved Århus sjukehus fekk dei ro i ei turbulent tid. 

Bilde av danske Thor - Klikk for stort bilete TV-aksjonen

-Thor vakna på morgonen 26. oktober i fjor og skjelte veldig. Vi tok han til legen og det vart oppdaga ein stor svulst i litlehjernen. Det mest fryktelege foreldre kan oppleve hadde skjedd, fortel mamma Christine Breum Andersen.

Fire dagar seinare vart den livsglade, aktive niåringen operert, etterfølgt av cellegift og stråling. For familien handla alt om å få den nye kvardagen til å henge saman, med stadige turar til Rigshospitalet i København - samtidig som dei skulle handtere frykt og følelsar. 

Då Thor måtte til Århus for å få protonstråling i seks veke, flytta både han, mor, far og syskena Emil (10) og Elvira (4) inn i TryggFondens Familiehus ved sjukehuset.  - Vi er så glade for at alle vi får bu i familiehuset. Her er det gode, heimlege rammer og vi føler oss trygge. Vi får tid og overskot til å vere saman og lage pizza, spele spel og ta vare på kvarandre, fortel pappa Christian Breum Andersen. -Dei frivillige i familiehuset gjer også hyggelege ting med barna slik at foreldra får ein pause inn i mellom. Kvar torsdag er det kreativ kafê, og der er musikkrom, treningsrom og leikeområde, fortel han. 

Familien tar ein dag om gongen, dei kan aldri vite kva neste skanning viser. Thor kjempar sin kamp med heile familien ved si side, og målet er at han skal vere kreftfri i løpet av året.

Meir om TV-aksjonen 2024 finn du her.