Årets TV-aksjon vil skape ein betre kvardag for alvorleg sjuke barn og deira sin familie. For pengane frå TV-aksjonen ønsker Barnekreftforeningen å etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her skal foreldre og søsken lett kunne bevege seg mellom sjukehuset og familiehuset, slik at dei kan leve eit tilnærma normalt kvardagsliv medan barnet får behandling.
I familiehusa vil det også vere rom for besøk av besteforeldre, tanter og onklar, venner og andre menneske som er tett på og som har betydning i familien sitt liv. Familiehusa vil vere eit kjærkome tilbod til alle familiar med alvorleg langtidssjuke barn, og generalsekretær Trine Nicolaysen i Barnekreftforeningen gleder seg til at heile Noreg skal få meir kunnskap om og få bidra til å hjelpe barn som er ramma av alvorleg sjukdom.
TV-aksjonen
Saman skal vi bidra til at familiar unngår å bli splitta sjølv om dei bur langt unna sjukehuset. Med familiehusa får barn med alvorleg sjukdom ha heile familien hos seg i behandlingsperioden, slik at foreldra kan ta vare på alle barna sine, seg sjølv og kvarandre. Sysken blir også inkludert, sett og ivaretatt. Familiane kan finne ro og får leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon.
Saman for små heltar
Annankvar dag får eit barn i Noreg kreft, og kvar veke vert 10 barn født med hjartefeil. Når eit barn vert alvorleg sjuk, vert heile familien ramma. Ofte må barnet reise langt for å få livsviktig behandling, og familien vert splitta i lange periodar.
Med midlane frå årets TV-aksjon får familien moglegheit til å skape ein heim heimanfrå, der dei kan støtte kvarandre gjennom livets vondaste periode og få etterlengta pausar frå sjukehusets alvorstunge korridorar.
Søndag 20. oktober går vi saman for små heltar.
Meir om TV-aksjonen 2024 finn du her.
Bli med på årets viktigaste søndagstur 20. oktober!
Bli bøsseberar - registrer deg her [Registreringa opnar etter sommaren].
Mikkel Strøm/TV-aksjonen