Pedagogikk

Pedagogikk

Vi arbeider ut frå målet vårt om trivsel for store og små

Både store og små skal trivast saman i eit godt psykososialt miljø som førebygger mobbing og krenkingar. Trivselen til barna er alltid den vaksne sitt ansvar, og satsingsområda er utleia av dette.

«Barn er ressurssterke og kompetente menneske som skal bli tatt på alvor med sine ulikskapar»

Almejordet barnehage sitt pedagogiske syn er tufta på den nordiske barnehagetradisjonen. For oss betyr dette ein barnehage med fokus på leik, natur og relasjonar.

Leik har ein viktig plass i barnehagekvardagen. Den frie leiken som oppstår mellom barn er ein viktig arena som skal vernast om. Gjennom leiken får barnet utfalde seg, ha det artig og utvikle fantasi.

Natur og tur er ein del av kvardagen for heile barnehagen. Det er ein naturlig progresjon frå å bli kjent med barnehagen sitt uteområde som liten til å vere på ei turgruppe siste året i barnehagen.

Relasjonar skal arbeidast med kvar dag. Grunnlaget for medverknad, god psykisk helse og livsmeistring er gode relasjonar. Barnehagen sine arbeidsmåtar skal ta vare på barnet sitt behov for omsorg, leik, fremme læring og danning og gi barna moglegheit for medverknad.

Barn må verte sett som subjekt heilt frå starten av livet, og ikkje berre som objekt som skal påverkast og formast. Barn skal ha innverknad på eiga læring ved at dei i lag med andre barn og eller vaksne skal finne løysingar på problemstillingar dei arbeider med. Dette skjer ved at barn og vaksne utforskar, undrar seg og kjem fram til løysingar i fellesskap.