Prisar i kommunale barnehagar
Prisane gjeld for kommunale barnehagar i Ulstein kommune, og prisen kjem an på kva prosentdel barnet skal gå. Kostpengar og bleieavtale kjem ev. i tillegg.
Det er 30 prosent søskenmoderasjon på barn nummer 2, og 100 prosent søskenmoderasjon på barn nummer 3.
Søskenmoderasjon gjeld sjølv om du har eitt barn i kommunal barnehage og eitt barn i privat barnehage.
Du skal ikkje søke søskenmoderasjon, dette skjer automatisk.
Betalingssatsar for barnehage
Satsane vart vedteke i kommunestyret i desember 2024, og gebyrlista er gjeldande frå og med 01.01.2025.
Redusert pris for barnehageplass (for hushald med låg inntekt)
Ingen skal betale meir enn seks prosent av samla brutto inntekt til barnehagen. Skattefrie inntekter vert ikkje inkludert.
Har foreldre delt omsorg og barnet bur fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.
Gratis kjernetid
Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn som har utsett skulestart kan få gratis kjernetid med 20 timar per veke. Det er inntekta i hushaldet som bestemmer om de har rett på ordninga. Meir informasjon om inntektsgrense finn du på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.
Søknadsfrist
Du kan søke gjennom hele året. Vedtaket gjeld frå og med første månad etter søknadstidspunktet. Søknaden gjeld for eit barnehageår om gongen. Ordninga gjeld både kommunale og private barnehagar.
Slik søkjer du
Bruk tenesta Vigilo for å søke om å få redusert betaling.