Søke om barnehageplass

Søke om barnehageplass

Her ser du korleis du søker barnehageplass.

Korleis søke?

Søknadsskjema for barnehageplass.

Søknadsskjemaet krev at du loggar inn med ID-porten (MinID, bankID, buypassID m.a.)
 

Hovudopptak

Opptaket til både den kommunale og dei private barnehagane skjer samla. Fristen er 1. mars. 

Her er oversikta over alle barnehagane i Ulstein.


Kven har rett til plass?

Barn som er fødde innan 30. november året før og som er busette i kommunen, har etter søknad rett til plass ved hovudopptaket. Sjå den enkelte barnehage sine vedtekter for informasjon om opptak m.m. 

Barn som fyller 1 år i september, oktober eller november har rett til å starte i barnehage den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august.


Kven kan søke?

  • nye søkarar
  • alle som ønsker endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage


Korleis svare på tilbod om plass?

Bruk dette skjemaet for å takke ja eller nei til tilbod om barnehageplass

 

Oppseiing

Bruk dette skjemaet dersom du vil seie opp ein barnehageplass.

Kontakt

Ann-Christin Bonde Helliksen
barnehagekonsulent
E-post
Telefon 70 01 77 07