IMDI produktkatalog

IMDI produktkatalog

IMDi lagar i år (2021) ein produktkatalog som skal innehalde leveranser frå ulike prosjekt over heile landet. Leveransane er ein del av rapporteringa til IMDi og kan vere til dømes avtalar, modeller, skjema etc.

På denne sida ligg dei leveransane Ulstein Kommune har levert knytt til dette "Prosjekt tilpassa utdanningsløp som industrimekanikar" til no. 

 

 

Interkommunalt samarbeid

Ulstein kommune blei i 2019 vertskommune for eit interkommunalt samarbeid der aktørar som Herøy vgs v/Møre og Romsdal Fylkeskommune, NAV Møre og Romsdal, NAV Hareid/Ulstein/Sande og MAFOSS er med. Kommunane som samarbeider om løpet er Volda, Hareid, Sande og Ulstein kommune. IMDi (integrering- og mangfoldsdirektoratet) bidreg økonomisk til prosjekt av nasjonal interesse, og står også for ein del av denne prosjektfinansieringa.
 

Prosjekt tilpassa utdanningsløp som industrimekanikar

Det er oppretta ei klasse med eit tilpassa utdanningsløp for 15 vaksne innvandrarar (no 13) på Herøy vgs. der målet med prosjektet er at dei etter utdanningsperioden skal bestå fagprøve som industrimekanikarar. Dei skal ha ordinær undervising på skule i tillegg til å ha fast praksis i ulike bedrifter i området. Alle er busette i regionen, og ønsker gjennom utdanning å bidra til at industri og bedrifter i området får større tilgang til kvalifisert og stabil arbeidskraft.


Avtalar og modellar


Kompetansemål med skjema


Styrking av læringsutbytte frå praksis - praksisrefleksjon


Opplegg knytt til samling med bedrift/skule


Tilpassing og organisering på strukturnivå


Undervisning / oppfølging deltakar og bedrift