Eldstad og skorsteinInstallere, fjerne eller endre eldstad Dersom du installerar, fjernar eller endrar eldstad, skal du melde frå til Hareid og Ulstein brannvesen ved å sende inn skjema: registrere eller endre eldstad: Du kan nytte dette skjemaet dersom du har montert ny eldstad eller bytta ut gamal eldstad. fjerne eller plombere eldstad: Dersom du har fjerna eldstaden eller ønsker å få den plombert, kan du bruke dette skjemaet. Dersom eldstaden ikkje er meldt inn, har ikkje brannvesenet grunnlag for å utføre feiing eller tilsyn. Du finn også kontaktinformasjon nedst på sida. Kan eg montere eldstad sjølv? Det stillast ingen formelle krav til den som skal sette opp ein eldstad, men vi anbefaler likevel at du nyttar kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet. Monteringsrettleiinga skal følgjast ved montering, og oppbevarast som dokumentasjon for eldstaden ved seinare bustadtilsyn. Montering og rehabilitering av skorstein Montering og rehabilitering av skorstein er søknadspliktig arbeid. Her må eit ansvarleg, kvalifisert føretak stå føre både søknaden og sjølve arbeidet. Skjemaet "Søknad om løyve til tiltak på skorstein" (PDF, 92 kB) kan nyttast. I tillegg må det leggast ved erklæring om ansvarsrett frå aktuelt føretak. Søknad sendast inn til postmottak@ulstein.kommune.no Publisert 02.03.2020 13:55 Sist endra 02.01.2024 09:47