Hareid og Ulstein brannvesen

Hareid og Ulstein brannvesen

Hareid og Ulstein har felles brannvernteneste. Ulstein er vertskommune og har ansvar for administrasjon og drift av tenesta. Samarbeidet vart etablert 1.1.2018. 

Brannvesenet har som hovudoppgåve å redde liv og materielle verdiar, men kanskje viktigast av alt: å drive brannførebyggande arbeid.


Beredskap

Hareid og Ulstein brannvesen har to brannstasjonar - ein i kvar kommune.
På kvar brannstasjon er det fire vaktlag med dreiande vakt.

Døgnet rundt og året gjennom er brannmannskap klare til å rykke ut. Oppgåvene dreiar seg om vern av menneske, miljø og materielle verdiar. Brannvesenet er godt trent og øvd for å handtere uforutsette hendingar som kan skje i dagens samfunn.

 

Førebyggande tiltak

Hareid og Ulstein brannvesen føretek kontroll og tilsyn ved større bedrifter, overnattingsstadar, alders- og sjukeheimar m.m. for å sørge for at brannsikkerheita vert ivaretatt på riktig måte.

Brannvesenet har også førebyggande brannvernsamarbeid med skular og barnehagar m.m. 

Andre førebyggande tiltak i kommunane:

  • informasjonstiltak
  • nasjonale kampanjar (brannvernsveka, open brannstasjon, komfyrvaktkampanje)
  • branntilsyn av særskilde brannobjekt
  • sakshandsaming av bålsøknadar, fyrverkeriutsal, melding om overnatting i bygg der det vanlegvis ikkje er overnatting, og melding om større arrangement
  • sakshandsaming av bekymringsmeldingar (forhold som potensielt kan føre til brann) og innmelding av farlege stoff


Kontakt

  • Ved brann, eller mistanke om brann - Ring 110
  • Har du spørsmål om brannvern i kommunane - Ring brannvakt på tlf. 911 14 242

Kontakt

Olav Helt Brubakk
brannsjef Hareid og Ulstein brannvesen
E-post
Mobil 99 01 70 68
Live Gandborg
branningeniør Hareid og Ulstein brannvesen
E-post
Mobil 48 20 34 94