Byggesaksarkiv

Byggesaksarkiv

Ønsker du å sjå kva kommunen har lagra i arkiva sine om eigedomen din?

Bygge- og eigedomssaker:

Saker/dokument etter 01. mai 2019:         

Du kan sjølv søke opp om der er noko registrert på eigedomen din: 

Sjekk her

Legg inn gardsnummer og bruksnummer nedst i skjemaet. 
Dersom der er registrert saker av nyare dato,  vil desse kome opp.

 

Eldre saker

For eldre saker har kommunen gjort eit arbeid med å digitalisere det gamle byggesaksarkivet og lagt til rette for at du kan bestille innsyn til desse gjennom vårt e-Torg. 

Sjekk her

Skriv inn aktuelt gardsnummer og bruksnummer, eventuelt adresse i feltet for dette.

Produktet «Arkivsaker på Eigedom» kostar 350 kroner og gir deg tilgang i to veker på alt vi har på eigedomen. Du kan då sjølv laste ned det du er interessert i.

Dersom der ikkje skulle vere data registrert på eigedomen vil vi annullere ordren.

 

Fleire produkt

Vi har fleire produkt du kan bestille på vårt e-Torg der prisen er avhengig av om du vil leite i mapper sjølv og laste ned det du har bruk for, eller om du ønsker at vi skal gjere ein jobb med å hente ut spesifikke dokument.

Alternativt kan du bestille eit av dei andre produkta vi har, der vi søker opp og hentar ut dei spesifikke dokumenta du er ute etter, som til dømes

  • bygningsteikningar (699 kroner) 
  • ferdigattest/mellombels bruksløyve (554 kroner)
  • seksjoneringsløyve (554 kroner)

 

Merk! Dersom det for eitt av desse produkta ikkje er data i vårt arkiv vil du likevel måtte betale for ordren, då vi tek betalt for arbeidet med å leite.

 

Planstatus

Dersom du ønsker å sjå kva planar som gjeld for din eigedom kan du sjølv søke i vårt digitale planregister:

 Sjekk her

Søk på adresse eller gardsnummer/bruksnummer, og du får opp kva planar som gjeld og om der eventuelt er planar under arbeid i området.

Her vil du også finne gjeldande bestemmelsar for eigedomen, kva endringar som har vore på plan og eventuelle dispensasjonar som er behandla.