Endring av bygningstype

Endring av bygningstype

Bur du ikkje fast i einebustaden din eller våningshuset ditt, og den vert nytta lite og svært sporadisk? Då kan du søke om å få endra bygningstypen til “Heilårsbustad eller våningshus nytta som fritidsbustad”. 

Dette vert ikkje ein søknad om bruksendring, kun ein søknad om endring av status i matrikkelen. Dette slik at matrikkelstatus blir i tråd med faktisk bruk. Eigedomen vil fortsatt vere å ansjå som ein bustadeigedom.

Merk! Bueiningar/leilegheiter i fleirmannsbustadar kan ikkje søke om slik endring, deira alternativ til lågare forbruksgebyr er å innstallere vassmålar.

EKSEMPEL PÅ KVA DET KAN SØKAST OM:
Endring av bygningstype i matrikkelen frå
kode 111 «Einebustad» til
kode 162 «Heilårsbustad utanom våningshus som nyttast som fritidsbustad» eller

Endring av bygningstype i matrikkelen frå
kode 113 «Våningshus» til
kode 163 «Våningshus nytta som fritidsbustad
 

  • Endringa vil kun få innvirkning iforhold til kommunale gebyr. Det får ingen betyding for eigedomsskatt eller verdifastsetting/registrering hos Skatteetaten.
  • Endringa forutset at alle tinglyste eigarar/heimelshavarar til eigedomen er informert og innforstått med søknad. 
  • Endringa vil bli reversert (omgjort til tidlegare status) dersom kommunen får tilbakemelding om at dette ikkje er tilfelle. 
  • Det vil kunne bli utført stikkprøvekontroll ved eigedomen. 
  • Søkar plikte å gje tilbakemelding når vilkåra for endring ikkje lengre er tilstade. Eventuelle endringar i abonnementsforhold, eigarforhold, innflytting, fråflytting, riving, brann osv. skal meldast til Ulstein kommune.
  • Eigar er ansvarleg for at kommunen til ei kvar tid har der riktige opplysningar om bruk, eigedom, bygning, abonnement etc. Dersom søkar gir ukorrekte opplysningar eller ikkje oppfylle opplysningsplikta, kan Ulstein kommune foreta ei avrekning 3 år bakover i tid, ved for lite betalt gebyr.
  • Endring av bygningsnummer vert gjort for 3 år. Etter denne tid vert bygningen registrert tilbake til tidlegare status om ikkje ny søknad ligg føre.
  • Ulstein kommune tek ikkje gebyr for dette arbeidet.

 

Her finn du søknadsskjema som du skal nytte for å søke om å endre bygningstypen (PDF, 225 kB)

 
Søknadskjema og evt. vedlegg, skal sendast på epost til:
postmottak@ulstein.kommune.no