Kva kan du forvente?
Etter at du har levert søknaden om ferdigattest eller mellombels bruksløyve, vil sakshandsamaren sjå etter om tiltaket er gjennomført som omsøkt og godkjent. Vedtaket vert så sendt ut til deg.
Kva kostar det?
I samband med overgang til sjølvkostberekning i 2022 er det vedteke gebyrregulativ der mellombels bruksløyve og ferdigattest, for søknadar som er underlagt ansvarsrett (pbl § 20-3), har gebyr etter desse satsane:
merk: det er ikkje gebyr for mellombels bruksløyve og ferdigattest i saker utan ansvarsrett (for mindre byggeprosjekt)
Det blir ikkje berekna meirverdiavgift på gebyr etter plan- og bygningslova.
Korleis får du tenesta?
Dersom tiltaket er underlagt med ansvar (pbl § 20-3) skal søknad om ferdigattest eller mellombels bruksløyve sendast inn av ansvarleg søkjar. Dersom du sjølv har søkt for eit mindre byggeprosjekt, som t.d. garasje, tilbygg osv. er det du som skal fylle ut det aktuelle søknadskjemaet under, skrive til PDF / laste ned og sende det til postmottak@ulstein.kommune.no
Søknadsskjema for ferdigattest
Søknadsskjema for mellombels bruksløyve
Når kan du vente svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.
Kontaktinformasjon
Lurer du på noko, ta gjerne kontakt med byggesaksavdelinga på e-post: byggesak@ulstein.kommune.no eller du kan reservere tid med oss via bookingløysinga vår.
Nyttige lenker
Meir informasjon om ferdigattest, Direktoratet for byggkvalitet (dibk)
Plan- og bygningslova