Korleis gå fram for å endre?
Dersom du ønsker å endre ein vedteken reguleringsplan, må du søke om dette til kommunen. Den som skal utarbeide forslag til ein reguleringsplan (forslagsstillar) må være fagkyndig.
- Større endringar skal behandlast som private planforslag med endeleg godkjenning i kommunestyret.
- Mindre endringar som er i samsvar med hovedtrekka i reguleringsplanen, vert godkjend i teknisk utval. Er det mindre endringar som ikkje er prinsippielle kan desse godkjennast administrativ.
Grensegangen mellom desse er eit skjønnsspørsmål som vurderast og fastsettast av kommunen i kvart enkelt tilfelle.
Plan- og bygningslova legg føringar for kva prosessar som skal utførast, med kunngjering og høyringar før endeleg vedtak.
Kva skal kommunen ha innsendt før oppstartsmøte?
1. januar 2018 trådde det i kraft ei ny forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningslova. Her kom det inn krav om kva som skal gjerast greie for når du ber om oppstartsmøte for ein ny plan:
• formålet med planen
• planområde
• planlagt bebyggelse og andre tiltak
• utbyggingsvolum og høgder
• funksjonell og miljømessig kvalitet
• tiltakets verknad på/tilpassing til landskap og omgjevnadar
• forholdet til gjeldande planar og pågåande planarbeid
• vesentlege interesser som vert røyrde
• samfunnssikkerheit
• kven som skal varslast om tiltaket
• prosessar for medverknad og samarbeid med både offentlege og private
• vurdering av plikt om konsekvensutgreiing
Heile forskrifta finn du her på lovdata
Gebyr for behandling av private reguleringsframlegg/endringar av plan