Næringstomter i SaunesmarkaKommunen har næringstomter for sal i Saunesmarka. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.PrisTomteprisen for 2025 er 671 kr/m2 for næringstomter i Saunesmarka, jamfør arkivsak 21/82. Prisen vert justert årleg etter konsumprisindeksen (KPI).Kart over ledig næringsareal i kommunen finn du her (Sunnmørskart.no)Tomter som er merka med "L" på kartet er ledige. Tomter som er merka med "R" er handgitt (reserverte). "S" betyr at tomta er seld. Ein T betyr at tomta er tildelt nokon, enten etter konkret søknad eller at den er tildelt ved trekking.Dersom du er interessert i ei tomt som står som handgitt (R), kan du søke om å få denne tildelt. Då får den som har fått tomta handgitt fire vekers frist til å bestemme seg. Du kan ikkje søke på tomter med status T.RetningslinjerRetningslinjer for handgiving av industri- og næringstomter i Saunesmarka. (PDF, 136 kB)Retningslinjer for tildeling av industri- og næringstomter i Saunesmarka. (PDF, 202 kB)Dersom nokon søker om tildeling av reservert tomteareal, får den som har handgive tomta 4 veker på seg til å gjennomføre kjøpet. Saksarkiv Publisert 12.10.2018 16:12 Sist endra 18.03.2025 10:56