Dersom barn som pårørande ikkje vert tekne omsyn til, kan dei verte påverka av sjukdomen til foreldre eller søsken, og sjølv utvikle eigne vanskar. Utfordringane kan påverke den emosjonelle, kognitive, sosiale og fysiske utviklinga til barnet.
Det kan også gi følger for moglegheitene barnet har til å tileigne seg kunnskap under oppveksten, i barnehage og seinare i skulen. Sosial kompetanse har stor betydning for livskvalitet og moglegheiter vidare i livet. Oppvekstvilkår betyr mykje.
Familien som heilskap kan pregast av situasjonen, og måten foreldre utøver foreldrerolla si på, kan endrast.
Innvandrarbakgrunn
Barn i familiar med innvandrarbakgrunn kan ha ekstra utfordringar på grunn av språk og kultur. Ved behov må vi bruke autorisert tolk, og vi må rekne god tid for å kunne gi tilstrekkeleg informasjon. Det er viktig å vise respekt, skape tillit og vere tydeleg i kommunikasjonen. Skam og skuld kan vere meir gjeldande hos barnet, og det har ofte eit mindre nettverk. Vi må sjekke ut at vi ha forstått barnet og foreldra, og at dei har forstått det vi har formidla.