Familierådgiving

Familierådgiving

Familievernkontoret Sunnmøre dekker kommunane: Ålesund, Fjord, Giske, Sula, Stranda, Sykkylven, Ørsta, Volda, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

For å gi eit betre tilpassa tilbod til innbyggarane på Søre Sunnmøre er det også faste kontordagar måndag, onsdag og fredag ved familievernkontoret avdeling Volda, Furene 8, 6105 Volda. Vebjørn Vestre og Elen Tømmerbakk er terapeutar der. Ring sentralbord i Ålesund på telefon 46 61 73 90, eller send epost til familievernkontoret.sunnmore@bufetat.no for bestilling av time.

Kva er familierådgiving?

Barne- ungdoms- og familieetatens (Bufetat) hovudoppgåve er å gi barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte, tiltak med rett og god kvalitet. Familievernkontoret Sunnmøre gir tilbod om rådgiving og samtalar når det er vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Kontoret utfører også lovpålagt mekling for foreldre med felles barn under 16 år ved samlivsbrot og samarbeidsvanskar mellom foreldra.

Alle som treng å prate om vanskelege forhold kan søke familierådgiving ved familievernkontoret.


Eksempel på forhold der familierådgiving kan vere til hjelp:

  • styrke parforholdet
  • avklare om parforholdet skal halde fram eller ikkje
  • avslutte parforholdet på beste måte
  • kome vidare etter eit brot i parforholdet
  • styrke foreldrekompetansen
  • betre samarbeidet om barn med tidlegare partner
  • avklare rollene i ny familie
  • avklare forholdet til anna familie
  • leve med sjukdom/nedsett funksjonsevne i familien
  • kome vidare etter ei alvorleg hending/utfordring
  • hjelp i kultur-/minoritetsspørsmål
  • hjelp ved fysisk/psykisk vold
  • hjelp ved rus
  • informasjon, råd og rettleiing


Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

 

Korleis tinge time?

Du treng ikkje tilvising for å kome til oss. For tinging av time, ring eller send e-post til ekspedisjonen i Ålesund:

Telefon: 466 17 390
E-post:  familievernkontoret.sunnmore@bufetat.no


Kontaktinformasjon

Familievernkontoret i Ålesund
Langelandsvegen 17
6010 Ålesund

Her finn du meir informasjon om familievernet.