BygdastovaBygdastova er ei "storstove" for innbyggarane i Ulstein kommune. Stova vert driven i samarbeid med Ulstein Sanitetsforening og er sentralt plassert på Ulshaugen 15, like bak Amfi-senteret.Kafé, selskapslokale og møteromBygdastova har kafe som er open kl 10-13 alle kvardager. Der er sal av kaffi og svele og diverse kioskvarer. Bygdastova er også brukt til selskapslokale, men ikkje lenger til minnestund. Lokale lag og foreiningar kan leige møterom der etter kl. 14 på kveld og helg.Ønsker du å leige Bygdastova?Dersom du ønskjer å leige møtelokale ved Bygdastova, kan du ringe eitt av desse mobilnummera: 98 23 06 12 90 96 41 28 93 02 40 97Kva er prisen for leige av Bygdastova?Det kostar 2500 kr å leige heile Bygdastova. For eitt rom kostar det 800 kr og spesialpris for faste lag og foreiningar er 450 kr pr gong (ikkje lenger frisør).Fotpleiar Frå 02.01.2023 tilbyr Trude Mork stell av føter i same lokale. Timebestilling på mob. 400 49 256. Ho har i tillegg ein fotklinikk i Ulsteinvik sentrum. Publisert 09.07.2018 13:24 Sist endra 29.01.2025 10:22