Kva er dagsenteret for eldre og kven er målgruppa?
Dagsenter for eldre er ikkje ei lovpålagt teneste, men eit tilbod som vert gitt etter individuell vurdering. Heimebuande eldre, som ikkje kjem seg ut på eiga hand for å treffe andre, einsame som har redusert funksjonsevne og har lite innhald i kvardagen, demente, og brukarar under rehabilitering vert prioritert.
Brukarar i omsorgsbustad med tilrettelagt fellesområde vert vanlegvis ikkje prioritert, og ein må rekne med at tilbodet vert stoppa ved flytting til omsorgsbustad der det er tilrettelagt fellesområde.
Kva kostar det?
Bebuarar i omsorgsbustad med full kost har fritt dagsenter.
Korleis søke om plass?
Klikk her for å kome til søknadsskjemaet, vel "Dagsenter for eldre".
Når kan du vente svar?
Søknadar vert behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar veke. Sakshandsamingstida er 3-4 veker, og du vil då få skriftleg melding om vedtak.
Klage på vedtak?
Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.
Send skriftleg klage til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.
Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.