Ved utbrot av smittsame sjukdomar i barnehagar og institusjonar skal den tilsette som oppdagar smitteutbrotet snarast mogleg kontakte kommuneoverlegen. Kommuneoverlegen varslar vidare til aktuelle instansar som legevakt, fastlegar, mattilsynet, fylkeslegen og folkehelseinstituttet.
Kommuneoverlegen vurderer om situasjonen er slik at innbyggarane skal varslast.
Førebygging av smitte
Vaksinasjon er viktig for å førebygge smitte, og du kan lese om influensavaksine og andre vaksiner på helsestasjonsportalen.
Vaksine mot sesonginfluensa er ulik frå år til år og vert normalt tilgjengeleg på hausten. For oppdatert informasjon og annonsering av vaksinering, følg med i Vikebladet og under aktuelt her på nettsidene.