Pakkeforløp for psykisk helse og rusVi har i dag eit godt utbygd tenestetilbod til menneske med psykiske lidingar og rusmiddelproblem. Det er likevel potensial for forbetringar, og frå 1. januar 2019 skal vi difor innføre "Pakkeforløp for psykisk helse og rus" i Ulstein. Det er Helsedirektoratet som har fått i oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet å utarbeide pakkeforløpet, og starte det opp i kommunane i Noreg. Dette krev endring i samhandlingsrutiner både innad i kommunen og spesialisthelsetenesta. Difor er førebuingane i Ulstein i gang. Kvifor eit nasjonalt pakkeforløp? Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal gje deg som pasient eller pårørande eit behandlingsforløp som er heilskapleg og utan unødig ventetid. Du skal få meir innverknad på behandlinga, og den skal bli evaluert systematisk undervegs. Pakkeforløpet skal bidra til å sette god praksis i system, men der følgjer ikkje med nye rettigheiter eller plikter. Målet er å stadig forbetre behandlingstilbodet på psykisk helse og rus og redusere uønska variasjon av tilbodet i landet, slik at alle får så god og effektiv behandling som mogleg. Dei fem måla for pakkeforløpa Auka brukarmedverknad og brukartilfredsheit Samanhengande og koordinerte pasientforløp Unngå unødig ventetid Likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kor i landet de bur Betre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar Meir informasjon om pakkeforløpet Her kan du lese kva helsenorge.no seier om det nye pakkeforløpet for psykisk helse og rus. Her kan også lese kva Helsedirektoratet seier om pakkeforløpet for psykisk helse og rus. Publisert 26.11.2018 14:45 Sist endra 03.01.2024 13:27