Likepersonar - hørselshjelparar

Likepersonar - hørselshjelparar

Kva gjer ein likeperson

HLFs likepersontilbod er eit supplement til det offentlege rehabiliteringstilbodet. HLFs likepersonar gjer ein frivilleg jobb og skal, gjennom sine eigne erfaringar og kunnskap, gi hjelp som:

  • vere ein god samtalepartnar
  • motivere til å bruke aktuelle hjelpemiddel
  • informere
  • gi råd og rettleiing

HLFs likepersonar har gjennomført opplæringskurs og er godkjende til å utføre likemannsarbeid innanfor den gruppa man har eigen erfaring frå og er sertifisert for.

Likepersonar har teieplikt. Det kostar ikkje noko å benytte ein likeperson.

Ein likeperson skal vere bevisst si rolle ovanfor det offentlege hjelpeapparatet og skal ikkje gå inn i behandlarrolla. Det er brukaren som avgjer om han eller ho ønskjer kontakt med ein likemann.
 

Hørselshjelparar og likepersonar i Ulstein

  • Geir Frits Myklebust, mobil: 982 12 423
  • Håvard Alvestad, mobil: 976 59 748
  • Idar Frantsen, mobil: 406 13 610
  • Monica Kjelsli Kvalsund, mobil: 980 75 510
  • Randi Flø, mobil: 464 75 266
  • Sidsel Skorpen, mobil: 906 13 978

 

Kvar finn du hørselshjelparane?

Hørselshjelparane frå Hørselshemmedes Landsforbund Ytre Sunnmøre er å treffe på frivilligsentralen Ulstein mellom klokka 11 og 13 den første tysdagen i kvar månad.

 Frivilligsentralen har adresse Skollebakken 6.