Ulstein kommune gir normalt skjønnsmessig frådrag:
- Ved flytting direkte frå heildøgnsbemanna bustad i Ulstein kommune til langtidsopphald, vert bebuar innvilga frimånad.
Ulstein kommune gir normalt ikkje skjønnsmessige frådrag for:
- Buutgifter
- Avdrag på lån
- Underskot i næring
- Forsytarfrådrag dersom bebuar er separert
- Faktisk underhaldsbidrag eller bidragsutgifter til born, utover forsytarfrådrag, jf. forskrifta § 5 første og andre ledd.
Ulstein kommune kan gi frådrag i eigenbetalinga inntil to månader til personar som betalar som ved langtidsopphald og som søkjer om frådrag for dokumenterte buutgifter. Som buutgifter reknast: husleige i form av fellesutgifter eller festeavgift, kommunale avgifter, staum, fyringsutgifter, forsikring (hus, innbu) og vanleg husleige.
Frådrag for dokumenterte buutgifter utover to månader vert ikkje gitt til personar som på innflyttingstidspunktet hadde eit bankinnskot utover 1 G.
Bebuarar som søkjer om frådrag og som på innflyttingstidspunktet hadde eit bankinnskot under 1 G kan innvilgast eit frådrag inntil seks månader.
Dette gjeld dei som har mindre enn 1 G, ektepar/sambuarar 2G, i likvide midlar og/eller bankinnskot på sist kjente likning.
Dokumenterte inntekter og utgifter vil i saksutgreiinga verte vurdert mot NAV sine satsar for livsopphald.