Bustaden er bebuaren sin heim, og heimetenestene vert gitt på same vilkår som for andre heimebuande.
Ulstein kommune kan tilby omsorgsbustadar på følgjande plassar:
- Alvehaugen: Sjukeheimsvegen 18
– einingsleiar er Gunn Sætre - Hovstøylvegen
- Ulshaugen
– einingsleiar er Marlen Breivik Kristensen - Holsekerdalen
– einingsleiar er Marlen Breivik Kristensen - Sjøsida
– einingsleiar er Heidi Strand - Petterbakken
– einingsleiar er Heidi Strand - Holsekerdalen 22
– einingsleiar er Aase Djupvik
Kven kan få tilbod om omsorgsbustad?
Personar med auka omsorgsbehov som ikkje lenger kan bu i opphavleg heim, kan få omsorgsbustad. Bustadene er meint for eldre og personar med nedsett funksjonsevne.
Kva kan du forvente?
Tilsette frå heimetenesta vil kome på heimebesøk for å kartlegge situasjonen til den som søkjer.
Kva kostar det?
Husleiga på dei ulike omsorgsbustadene varierer etter storleik og standard.
Personar i omsorgsbustad med full kost har fritt dagsenter.
Personar som bur i omsorgsbustad kan på visse vilkår søke om bustøtte.
Korleis søke om omsorgsbustad?
Her finn du skjema til å søke om omsorgsbustad.
Er du pårørande og skal søke for andre, er dette mogleg ved at du loggar på med din eigen bank-ID.
Når kan du vente svar?
Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar veke. Sakshandsamingstida er 3-4 veker, og du vil då få skriftleg melding om vedtak.
Klage på vedtak?
Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.
Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.
Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.