Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje vert avgjort innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysningar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka.
Vi nyttar ressursorientert saksbehandling. Det vil seie at vi er opptekne av kva innbyggarar klarer sjølve, kva pårørande og anna nettverk kan hjelpe til med, og kva omsorgsetaten kan bidra med. Dette får vi til gjennom samarbeid og dialog med kvarandre, der målet er at innbyggarar med hjelpebehov, skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.
Vurdering
Vi kartlegg behovet ditt for tenester.
Saksbehandlar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk dersom det vert vurdert som naudsynt.
Når det vert gjort vedtak i saka vil det gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du vil også få ei grunngiving for vedtaket.