Støttekontakten tilbyr mellom anna sosialt samvær og følge til ulike fritidsaktivitetar. Støttekontakten kan vere med deg å gå tur, gå på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Fritidstilbodet skal vere basert på den enkelte brukar sine ønske, behov og forutsetningar. Praktiske gjeremål og transport er ikkje primære oppgåver for fritidskontakten.
Føremålet med ein støttekontakt er at du som søkar skal få ei meiningsfylt fritid saman med andre.
Koordinator for kontaktordninga gir opplæring og oppfølging av støttekontaktane.
Støttekontaktane må skrive under på at dei har teieplikt. Teieplikta gjeld også etter at støttekontaktperioden er avslutta.