Transportteneste for personar med nedsett funksjonsevne (TT-kort)

Transportteneste for personar med nedsett funksjonsevne (TT-kort)

Transporttenesta (TT-ordninga) er eit tilskot til drosjetransport for personar som på grunn av si fysiske eller psykiske funksjonsnedsetting har store utgifter til drosjetransport til fritidsreiser. 

TT-ordninga er ikkje ein lovfesta rett, men eit velferdsgode som fylkeskommunen tilbyr innbyggarane. Fylkeskommune vedtek beløpet som skal brukast, og korleis TT-ordninga skal organiserast. Kommunen behandlar søknadane, i tillegg til innmelding og utmelding. 

Slik søker du TT-kort
  • Fyll ut søknad om TT-kort
  • Legg ved legeerklæring

Søknadskjema

Legeerklæring

Meir informasjon finn du på heimesida til fylkeskommunen. 

Papirutgåver av søknadsskjema og legeerklæring kan fåast ved servicetorget på rådhuset. Papirskjema leverer du til servicetorget når du har fylt dei ut. 

Satsar
  • For personar som bur meir enn 10 kilometer frå kommunesenteret, er reisestøtta 3 500 kroner per år
  • For personar som bur mindre enn 10 kilometer frå kommunesenteret er reisestøtta 2 000 kroner per år

 

Det er ein eigendel på 40 kroner per tur. Dette kan ikkje tas frå TT-kortet.

1. januar og 1. juli vert kortet fylt opp med halve beløpet, og 1. januar kvart år vert kortet nullstilt om det er pengar att på det.

Retningslinjer

Retningslinjer for TT-kort (Møre og Romsdal fylkeskommune)

Fylkestinget har vedtatt at TT-budsjettet frå om med 2024 vert redusert frå 15 millionar til 10 millionar kroner i Møre og Romsdal. Som ein konsekvens av dette må talet på brukarar i ordninga må reduserast.

Kven kan få TT-kort?
  • Personar som grunna si funksjonshemming er varig forflytningshemma og difor har vesentlege vanskar med å reise kollektivt, kan søke om TT-kort
  • Funksjonshemminga må vare i minst to år for at søkar skal verte godkjent som TT-brukar
  • Nedre aldersgrense er 10 år
  • Manglande busstilbod eller vanskar med å bere gir ikkje rett til TT-kort
Kva kan du bruke TT-kortet til?

TT-kortet er til fritidsreiser.

Du kan ikkje bruke TT-kortet til:

  • Eigendel til reiser med TT-kort
  • Sjuketransport
  • Legebesøk
  • Andre reiser som vert dekt av Nav eller andre offentlege styresmakter, som til dømes pasientreiser
Klage på vedtak

Vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Ei klage må vere skriftleg.

Klagen sender du til:

Ulstein kommune, postboks 143, 6067 Ulsteinvik

eller digitalt ved å bruke eDialog

Kontakt

Ann Magritt Hatløy
spesialkonsulent
E-post
Mobil 48 89 31 83