Informasjon til TT-brukarar frå Møre og Romsdal fylkeskommune:
(Sjå også nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune)
Fylkestinget vedtok i sak T 0046-23 mellom anna nye retningslinjer gjeldande frå og med 1. januar 2025 og at TT-budsjettet frå og med 2024 vert redusert frå 15 millionar kroner til 10 millionar kroner. Som ein konsekvens av vedtaket må talet på brukarar i ordninga reduserast.
Vedtaket inneheld mange detaljar og fylkeskommunen vel difor å avgrense den utsende informasjonen noko, for heller å sende ut meir informasjon i løpet av 2024.
Ver merksam på følgjande i 2024
Det vert innført eigenandel på 40 kroner per reise frå 1. januar 2024
- TT-kortet kan ikkje brukast til å dekkje eigenandelen
- Brukarar som per dags dato ikkje har nytta TT-midlane vert teken ut av TT-ordninga
- Frå og med dags dato vert ingen nye brukarar teken inn i TT-ordninga
- TT-brukarane må innan 1. oktober 2024 søkje om TT-midlar for 2025 etter dei nye retningslinjene
- Det vert oppretta venteliste for søkjarar som fyller kriterieria og ikkje får tilbod om reisestøtte
Nytt søknadsskjema vert lagt ut i august/september 2024.
Spørsmål knytt til innhaldet rettast til brukar sin bustadkommune.